Samedrakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samisk familie i tradisjonelle klede, om lag 1900.

Samedrakter blir bruka over heile Nordkalotten, på same vis som samisk språk og andre kulturelle særtrekk. Utforming, farge og mønster på drakta varierer mykje frå distrikt til distrikt, og i noko mon følgjer draktvariantane dei samiske dialektane. I våre dagar er det få som nyttar samedrakt dagleg, ho blir mest brukt som festdrakt eller ved andre særskilde høve.

Den viktigaste delen av drakta er overdelen, kufta (samisk: gakti), men det finst mykje tilbehøyr. Om vinteren bruker ein varmare klede, som pesk, lohka og skallar.

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var skinn det viktigaste materialet i samedrakta, men i dag er klede, då særleg ullstoff, vanleg for dei fleste plagga. Skinn blir fortsatt brukt til dekorasjon, saman med band, blonder, tinntrådbroderi og kråkesølv. I tillegg har ein òg nokre stader søljer og sjal av ull eller silke.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Pynten på kufter og luer kan syne kor ein kjem frå, kva slekt ein er av og om ein er gift eller ugift. Han kan også syne religiøse band.

Luene er svært ulike for menn og kvinner. Det same er banda på skallane i dei områda der desse blir bruka. Skallebanda er òg ulike til kvardag og fest.

Deler[endre | endre wikiteksten]

Hovudplagg[endre | endre wikiteksten]

Firevindslue.

Luene er svært ulike for menn og kvinner. Kvinnelua er som regel av raudt klede, med farga pynteband og eit kvitt band ytst. Mannslua kan ha fire lange tuppar — denne er kjend som ei stjernelue eller firevindslue. Ho har ei brei bord nedst og kan vera fylt av ei dunpute.

Overdelar[endre | endre wikiteksten]

Bruk av pesk og skallar på «Lappar i snöstorm» av John Bauer.
Les meir om samekufte

Overdelen på samedrakta er ei kufte med lange ermer, nokre stader med belte. Ho kan vera av stoff eller reinskinn utan hår. Mannskufta er kortare enn kvinnekufta. Samekufter finst i mange fargar og utformingar, ofte knytt til område, slekt og sivilstand. Nordsamiske kufter har meir dekorasjonar enn kufter frå sørlegare område.

Ein pesk er ei slags kufte som blir brukt vinterstid, laga av skinn frå ungrein der pelssida vender ut. Dork blir brukt innanfor og har pelssida inn. Lukka er eit ponchoaktig plagg med eller utan hette som ein kan ha over kufta.

Underdeler[endre | endre wikiteksten]

Menn kan bruka langbukser av skinn eller ull, eller bellingbukser — ei kortbukse sydd saman med bellingar.

Fottøy[endre | endre wikiteksten]

Bieksu eller komagar er sommarskor laga av kobbe- eller kuskinn og fôra med sennagras. Skallar er vinterskor laga av reinskinn med hårsida ut. Bellingar er mjukna skinn frå dyreleggar brukt som leggings, også desse til vinterbruk.

Anna tilbehøyr[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare sametingspresident Aili Keskitalo med kvinnelue, sjal og sølje.

Kvinner bruker trekanta silketørkle med frynser til fest og ofte utan frynser til kvardags. Sjalet kan ein setja fast med store søljer. Menn bruker lange skjerf av bomull eller silke.

På hendene kan ein bruka hanskar som er strikka eller av reinsdyrskinn, dei sistnemnde særleg for menn. Mønsteret i strikkehanskane varierer frå stad til stad. I Karasjok er det vanleg med kvit bakgrunn og mønster i raudt og blått og eit fletta band med kvit og raud dusk rundt handleddet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]