Samefolkets dag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn.

Datoen markerer det første samlande møtet for ulike samiske organisasjonar og aktivistar i Trondheim 6. februar 1917, med deltakar frå Noreg og Sverige. Dette var første gong i historia at nord- og sørsamar frå ulike land samla seg til eit stort møte for å drøfta felles saker og problemstillingar. Elsa Laula Renberg stod bak både ideen og sjølve møtet, som samla over hundre deltakarar.

I 1992 gjorde samekonferansen vedtak om at 6. februar, saman med seks andre dagar i året, skulle vera offisielle samiske flaggdagar.

Samekonferansen sitt vedtak i 1993 låg til grunn for Sametinget sitt vedtak om å gjera den 6. februar til Sámi álbmotbeaiviSamisk folkedag.

Frå 2004 har dagen vore offisiell flaggdag i Noreg, der det er påbod om å flagga med det norske flagget ved alle offentlege bygg. Det er valfritt om ein i tillegg vil flagga med det samiske flagget. Flagget er ei helsing til samane på dagen deira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]