Sameint teori i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sameint teori er eit omgrep som særleg blir brukt i elementærpartikkelfysikk om teoriar, eventuelt hypotetiske, som omfattar tidlegare kjende og etablerte teoriar. Det mest kjende døme er elektromagnetisme. Opphavleg vart elektrisitet og magnetisme sett på som to ulike fenomen. Men etter kvart vart det klårt at det er ein samanheng, til dømes vil det vere eit magnetfelt rundt ein straumførande leiar. I dag blir elektromagnetisme skildra av eit felles sett av likningar, Maxwells likningar.

Ein annan sameint teori er ein sameint feltteori der ein tenkjer seg at alle dei fundamentale kreftene og elmentærpartiklane kan skrivast i form av eit enkelt felt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]