Samelandsbrua
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Samelandsbrua | |
| Transporterer | Biltrafikk |
|---|---|
| Kryssar | Tanaelva |
| Veg | E75 |
| Stad | Roavvegieddi – Utsjoki |
| Utforming | Skråkabelbru |
| Lengste spenn | 155 m |
| Total lengd | 316 m |
| Opna | 1993 |
Samelandsbrua (finsk: Saamen silta, nordsamisk: Sámi šaldi) er ei skråkabelbru som kryssar Tanaelva mellom Roavvegieddi i Noreg og Utsjoki i Finland. Brua er 316 meter lang, og hovudspennet er 155 meter. Brua vart opna i 1993, og er ein del av europaveg 75.