Sametingsbygningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sametingsbygningen

Kart
Sametingsbygningen
69°28′15″N 25°29′46″E / 69.470833333333°N 25.496111111111°E / 69.470833333333; 25.496111111111

Sametingsbygningen huser den folkevalde forsamlinga og administrasjonen for Sametinget i Noreg. Bygningen stod ferdig i 2000 og vart offisielt innvia 2. november 2000 av Kong Harald V.

Spesialbiblioteket i Sametingsbygningen.

Hovudansvarleg for den heilskaplege utforminga og innreiinga var sivilarkitektane Stein Halvorsen og Christian Sundby frå Oslo. Bygningen er 5 300 kvadratmeter, og forma som ein halvsirkel i to etasjar. Bygningen inneheld Samisk spesialbibliotek, resepsjon, møterom og kontor, samt plenumssalen til Sametinget.

Utsmykking[endre | endre wikiteksten]

Under samemøtet i Trondheim i 1917 måla Astri Aasen 10 bilete; bileta har sidan 1997 hengd i Sametingsbygningen.

Den kunstnariske utsmykkinga i plenumssalen er Hilde Skancke Pedersens storslåtte veggmåleri i emalje og bladgull på sink. Det storslåtte veggmåleriet «Luottat – Spor» av kunstnaren Hilde Skancke Pedersen finst i og utanfor Sametingets plenumssal. Det er sinkplater på betong bak talarstol/podium i plenumsalen (utført i emalje og bladgull på sink) og langs veggane utanfor plenumsalen (foajéen) og i underetasjen utanfor auditoriet, etsa på metallplater. Temaet er basert på arkeologiske spor frå samiske bu- og gravplassar i form av hustufter/sirklar og labyrintar.

Utsmykkinga «Den som...» av kunstnaren Kristin Ytreberg finst på alle veggane i vandrehallen. To element er tatt i bruk: tinnbroderi inspirert av samisk ornamentikk og ordspråk og visdomsord frå J. Quigstads samlingar.

I Sametingets bibliotek står utstilt Kåre Kivijärvis «Fra de store banker» (1959/1961), samt «Kvinne (portrett) i Nesseby» (1972). Fotografia er kopiar (2004) av original foto 1/9 (d.v.s. den første av ni fotografi av same motiv). Fotografia vart innkjøpt av Utsmykkingsfondet for offentlege bygg i samband med utsmykkinga av Sametingsbygningen i 2000. Dei opphavlege bileta vart skada av sollys, og kopiane av fotografia vart hengt opp våren 2004 i biblioteket.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Sametingsbygningen om vinteren.

Sametingsbygningen vart i 2002 tildelt Nordnorsk arkitekturpris. 2003 vart det tildelt Fiabci Norways Eiendomspris i kategorien offentlege bygg. Sametingsbygningen vart tildelt Statens Byggeskikkpris 2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sametingsrepresentant Ragnhild Lydia Nystad foreslo i 1993 å bygge ein eigen bygning i Karasjok for Sametinget. Byggearbeidet starta i august 1998 og i juni 1999 la stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl ned grunnsteinen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]