Samisk høgskole
| Samisk høgskole Sámi allskuvla Sámi University College |
|
| Grunnlagt | 1989 |
|---|---|
| Type | Statleg høgskole |
| Rektor | Jelena Porsanger |
| Stad | Kautokeino |
| Studentar | 260 |
| Tilsette | 104 |
| Nettstad | www.samiskhs.no |
Samisk høgskole (SH, nordsamisk: Sámi allaskuvla) vart skipa i 1989 og har i dag vel omkring 260 studentar og i overkant av 100 tilsette. Høgskolen er ein av 24 statlege høgskolar i Noreg.
Samisk høgskole vart etablert for å styrke samisk kompetanse. Samisk høgskole er ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon som skal dekke det samiske samfunnet sine behov. Skolen sitt hovudspråk er samisk både i undervisinga, administrasjonen og mellom dei tilsette og studentane. Samisk utdanning og forsking dannar høgskolens særeigne faglege profil og høgskolen har eit nordisk-samisk og internasjonalt perspektiv med m.a. studentar frå alle land i Sápmi: Noreg, Finland, Sverige og Russland. Høgskolen har omkring 260 studentar og i overkant av 100 tilsette.
Samisk høgskole har til saman ca. 40 studietilbod, men høgskolen gir ikkje alle tilboda samstundes. Kvart år gir ein 17-20 ulike studietilbod. Samisk høgskole tilbyr vidareutdanning for ferdige studentar, folk i arbeidslivet, bedrifter og heile samfunnet.
I 2005 vart Nordisk Samisk Institutt samorganisert med Samisk høgskole og vart i juli 2009 samlokalisert då Samisk vitenskapsbygg, Diehtosiida, stod ferdig.
Studentsamskipnaden i Indre Finnmark er studentane sin organisasjon.
Rektorar [endre]
- 1989-1996 Jan Henry Keskitalo
- 1996-2000 Asta Balto
- 2000-2003 Kjell Kemi
- 2003-2007 Mai Britt Utsi
- 2007-2011 Steinar Pedersen
- 2011- Jelena Porsanger