Samisk ortografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samisk ortografi er rettskrivinga til dei åtte samiske språka som har eigne skriftspråk, sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk, nordsamisk, enaresamisk, skoltesamisk og kildinsamisk.

Det er mogleg å identifisere tre ulike utviklingsliner i skriftfestinga av samisk. Den eldste har som utgangspunkt at dei ortografiske prinsippa skal vere dei same for samisk som for majoritetsspråket. Han går attende til tradisjonen der samisk først vart teke i bruk som skriftspråk, i Sverige. Skriftspråka som står i denne tradisjonen er det gamle umesamiske skriftspråket frå 1700-talet, og tildels dei moderne sørsamiske og lulesamiske skriftspråka. Også den eldste rettskrivinga for nordsamisk i Noreg, Leem si rettskriving, står i denne tradisjonen. Den andre tradisjonen går attende til Rasmus Rask sin revisjon av Leem, og byggjer på det fonematiske prinsippet. Nord-, enare og skoltesamisk er ein del av denne tradisjonen. Den tredje tradisjonen er representert av kildinsamisk, som har vorte skriftfesta tre gonger: Først av russiske misjonærar, så på 1920- og 30-talet som del av Stalin sin språkpolitikk, med det latinske alfabetet, og til slutt på 1970-talet, med kyrillisk alfabet.

Blant samar er det ei sterk kjensle av at det er eitt samisk folk. No og då har det gjeve seg utslag i framlegg til eit samla samisk skriftspråk, men til det er dei språklege skilnadene for store.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Sjå under artiklane til dei individuelle språka, og under spesialartiklane: