Samiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Samisk språk)
Tradisjonelle grenser for dei samiske språkregionane: 1. Sørsamisk, 2. Umesamisk, 3. Pitesamisk, 4. Lulesamisk, 5. Nordsamisk, 6. Skoltesamisk/austsamisk, 7. Enaresamisk, 8. Kildinsamisk, 9. Tersamisk. Mørkare område representerer kommunar som godtek samisk som eit offisielt språk.

Samiske språk er ei gruppe finsk-ugriske språk (i den uralske språkfamilien) som blir tala av samar i nordlege område i Noreg, Sverige, Finland og Russland (på Kola-halvøya). Dei mest ulike av dei samiske språka er heilt uforståelege seg imellom, men tilgrensande språk er alltid forståelege. Difor er det vanleg å seie at dei samiske språka dannar eit dialekt-kontinuum. Det største samiske språket er nordsamisk. Dei næraste slektningane til dei samiske språka er dei austersjøfinske, deretter dei mordvinske språka. I tillegg hadde dei samiske språka fram til etter førre tusenårskifte slektspråk i området mellom Karelen og Mordovia, språk som no er utdøydd.

Inndeling av språkfamilien[endre | endre wikiteksten]

Inndelinga er frå Sammallahti 1998, og basert på historiske kriterium. Sett ut i frå dagens språksituasjon hadde ei tredeling, med språka frå og med pitesamisk til og med enaresamisk som midtgruppe vore meir rimeleg. For kriteria for inndelinga, sjå Indre språkhistorie nedanfor.

 Ursamisk 
 Vestlege språk: 
 Sørvestlege språk: 

 Sørsamisk



 Umesamisk



 Nordvestlege språk: 

 Pitesamisk



 Lulesamisk



 Nordsamisk




 Austlege språk: 
 Fastlandet: 

 Kemisamisk 



 Enaresamisk 



 Skoltesamisk/austsamisk 



 Akkalasamisk 



 Kolahalvøya 

 Kildinsamisk 



 Tersamisk 





Typologiske særdrag[endre | endre wikiteksten]

Dei uralske språka er typiske agglutinerande språk, med suffiksering som dominerande grammatisk prosess. Dei har ikkje genus eller bøyingsklasse, men stammeklasse. Fraser blir bygd opp med kjerne til høgre (postposisjonar heller enn preposisjonar, dvs. «sjøs til» heller enn «til sjøs», verbet etter objektet sitt «Per fisk fanga» heller enn «Per fanga fisk»).

Samanlikna med slektspråka sine er dei samiske språka kanskje dei som har fjerna seg lengst frå den prototypiske uralske modellen, men dei har framleis umiskjennelege uralske drag.

Uralske særdrag[endre | endre wikiteksten]

Typologiske drag der dei samiske språka oppfører seg som andre uralske språk er m.a. følgjande (der ikkje anna er sagt er døma frå nordsamisk):

  • Fonologi
  1. Dei samiske språka har fast trykkplassering (på første staving), slik at det skal vere lett å finne ordgrense, sjølv for lange ord med mange suffiks.
  2. I det samiske ordforrådet er det restriksjonar på konsonantar i byrjinga av stavinga. Eit skandinavisk lånord som «kniv» har t.d. mista første konsonant, på nordsamisk er det niibi.
  3. Samisk fonologi er relativt lite påverka av germansk, til skilnad frå austersjøfinsk, som meir eller mindre har tatt over foneminventaret til urgermansk og seinare gammalsvensk
  • Morfologi
  1. Dei samiske språka (utom austsamisk) har ikkje bøyingsklassar, men stammeklassar. På norsk er det umogleg å vite at preteritum av verbet grine er grein mens preteritum av kline er klinte og ikkje klein. På samisk, derimot, gjev bøyingsstammen informasjon om bøyingsformer. Tostava verb på -at, -it, -ut følgjer eitt bøyingsmønster, verb på -át, -et, -ot eit anna, og trestava verb eit tredje, slik at 1. person eintal indikativ preteritum av boahtit "å kome" er bohten, mens tilsvarande form av dohppet "å gripe" er dohppejin og av muitalit "å fortelje" er muitalin.
  2. Nekting i samisk blir uttrykt som eit eige verb, der det på norsk er eit adverb (ikkje). Der norsk har eg går (ikkje), du går (ikkje) har samisk dei positive formene mun manan og don manat og dei negative mun in mana og don it mana. Her har vi nektingsverbet ii, som har formene in og it i første og andre person, mens hovudverbet er uforanderleg i negative setningar.
  3. Dei samiske språka har lokalkasus som dannar adverbial aleine. Mun vuolggán Osloi, mun boađán Oslos tyder på nordsamisk «eg fer til Oslo, eg kjem frå Oslo», der det på samisk er kasus og berre kasus som fortel at substantivet er eit adverbial, og kva slags adverbial det er.
  • Syntaks
  1. Fraser blir bygd opp med komplement først og kjerne etterpå. «om samane» er sápmelaččaid birra. På sørsamisk fungerer verbfrasen på same måten.
  2. Samiske verb har mange infinitte former, som blir bøygde i kasus. T.d. tilsvarer verbforma máhttime (aktio essiv av máhttit «å kunne») ei leddsetning i norsk, i dømet Dat logai iežas máhttime buot. «Ho sa at ho kunne alt.»

Særdrag som vik av frå det typisk uralske[endre | endre wikiteksten]

Dei samiske språka har, til liks med dei austersjøfinske språka, vore i kontakt med germanske og til dels baltiske språk i fleire tusen år. Som resultat av dette har dei tatt opp i seg mange typologiske drag som skil dei frå andre uralske språk. Av slike drag kan vi nemne:

  • Fonologi
  1. Intonasjonen i særleg sør- og lulesamisk er påverka av dei kringliggjande norske og svenske dialektane.
  • Morfologi
  1. Der dei fleste andre uralske språka har ein rein agglutinerande struktur, har dei samiske språka fleire suprasegmentale morfologiske prosessar.
    1. Den mest kjende er stadieveksling, som finst i alle samiske språk nord for Ume älv. Den samiske stadievekslinga skil seg frå den austersjøfinske ved at der austersjøfinsk har ei svekking av konsonantsentrum i svakt stadium, har samisk er styrking av konsonantsentrum i sterkt stadium. Samisk har ei rikare stadieveksling enn finsk. Jf. artiklane for dei einskilde språka for meir informasjon om stadievekslinga.
    2. Ein annan prosess er diftongforenkling, ein prosess der diftongen i den første stavinga blir påverka av vokalkvaliteten i den andre stavinga.
    3. Ein karakteristisk prosess i sørsamisk (som ikkje har stadieveksling) og i austsamisk, er omlyd. Dei einskilde omlydsprosessane minnar om t.d. i-omlyd og u-omlyd i germansk, men til skilnad frå germansk har sørsamisk 7 ulike omlydsrekker og 6 ulike kontekstar for kvar rekke.
  2. Dei samiske språka høyrer, i lag med austersjøfinsk og germansk, med til det nordeuropeiske Sprachbundet som dannar komplekse leksikalske omgrep med hjelp av samansetjing. Ordet for grammatikk er på nordsamisk «språklære», giellaoahppa, samansett av giella og oahppa. Forleddet i samansetjingar kan vere i nominativ eller i genitiv. Nominativ kan ha ei spesiell allegroform, der siste vokal blir svekka, som i sátni + girji = sátnegirji "ordbok". I dei fleste andre uralske språka er samansetjingar både prosodisk og ortografisk sett lausare samansett.
  • Syntaks
  1. Det mest karakteristiske draget ved samisk syntaks er at adjektivet har ei eiga form som det bruker når det står framfor substantivet. Ordet for «ny» er ođas, men «ny bil» og «i den nye bilen» blir ođđa biila og ođđa biillas.
  2. Til skilnad frå dei austlege uralske språka, t.d. ob-ugrisk og samojedisk, avvik dei samiske språka frå «kjerne sist»-prinsippet i fleire konstruksjonar.

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Samisk språkhistorie.

Indre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Den samiske språkfamilien er like gammal som den austersjøfinske språkfamilien, dei oppstod som separate språkfamiliar då dei skilde seg frå kvarandre, ved at den sørlege delen av dei vestlege uralske språka kom inn under baltisk og germansk påverknad i samband med introduksjonen av jordbruket. Basert på arbeid av Ante Aikio, Jaakko Häkkinen og fleire andre er det mogleg å setje opp følgjande periodeinndeling for samisk:[1]

  1. Vesturalsk (1500-1000 f.kr)
  2. Tidleg ur-finsk-samisk (1000-600 f.kr)
  3. Ursamisk (600 f.kr-150 e.kr.)
  4. Gammalsamisk (Nordvestsamisk, austsamisk) (150-)
  5. Moderne samisk (1619-)

Tidleg ur-finsk-samisk (1000-600 f.kr)[endre | endre wikiteksten]

Perioden med ur-finsk-samisk tar til med det språklege skiljet mellom den vestlege delen av den uralske språkfamilien på den eine sida, og mordvinsk og ein del andre, no utdøydde språk, på den andre.

Dei eldste baltiske jordbruks-lånorda er felles for både samisk, finsk, mordvinsk og marisk, så noko eige finsk-samisk urspråk kan ikkje ha oppstått før etter dei første spora av jordbruk i Volgaområdet og Baltikum, dvs. i starten av det andre tusenåret før Kristi fødsel. Det er fleire språklege trekk som sameiner samiske og austersjøfinske språk, t.d. stadieveksling, runda vokal i andre staving, bortfall av v framfor runda vokal. Fellestrekk i bøyingslæra er m.a. formativane for komparativ, imperativ, kondisjonalis, potensialis og infinitiv.

Ursamisk (600 f.kr-150 e.kr.)[endre | endre wikiteksten]

Den ursamiske perioden, eller perioden då det er mogleg å skilje mellom på den eine sida eit urfinsk og den andre sida eit ursamisk språk, tar til med meir intensiv kontakt med baltiske og etter kvart germanske språk i den sørlege delen av språkområdet. Det finst også nokre baltiske lånord i mordvinsk, men hovudtyngda av kontakten kom i vest.

I denne perioden ekspanderer også ursamisk nordvestover, og kjem i kontakt med no utdøydde språk, som har late etter seg eit stort lag, eit substrat, av ikkje-uralske ord i samisk, framfor alt ord knytt til landskapsformasjonar, stadnamn, fugle- og dyrenamn, osb.

Gammalsamisk (150-1619)[endre | endre wikiteksten]

I denne perioden splitta dei samiske språka seg opp i dei språka vi kjenner i dag.

Basert på lydlege kriterium ser det ut til at den primære inndelinga er ei inndeling mellom dei austsamiske og dei vestsamiske språka (jf. inndelinga i austleg og vestleg samisk ovafor). Eit sentralt målmerke er utviklinga av ursamisk *š́ i konsonantsamband som *š́k, *š́t, *š́n. Dei austlege språka har halde på den opphavlege lydsekvensen, og har t.d. for ursamisk *kōške̮ "foss, stryk" formene enaresamisk kuoškâ, skoltesamisk kuõškk, kildinsamisk кӯшшк (kuušk) og tersamisk кышшк (kiišk), der dei vestlege språka har sørsamisk goejhke, lulesamisk guojkka og nordsamisk guoika (i nordsamisk representerer bokstaven i etter vokal ein j). Som det går fram av døma skil enaresamisk seg frå dei andre austsamiske språka ved ikkje å ha apokope. Austersjøfinske språk har halde på den opphavlege sekvensen, i finsk er det tilsvarande ordet koski.

Det er også syntaktiske skilnader mellom den austlege og den vestlege språkgreina: I dei austlege språka står substantivet etter talorda 2-6 i gen.sg. (= nom.pl), men etter talord frå 7 og oppover står substantivet i partitiv. I dei vestlege språka står substantivet i gen.sg. for alle talord frå 2 og oppover, med unntak av sørsamisk, der det står i nom.pl.

Moderne samisk (1619-)[endre | endre wikiteksten]

Det litt tilfeldige årstalet representerer det første skriftlege dokumentet på samisk. Den språkforma dei representerer skil seg relativt lite frå moderne samisk.

Ytre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste skriftlege kjeldene[endre | endre wikiteksten]

Den eldste språklege kjelda for samisk er frå 1557,[2] då ein engelsk sjøfarande, Stephen Borough,[3] skreiv opp ei liste på 95 samiske ord på Kolahalvøya.[4] Lista vart offentleggjord i 1589 av Richard Hakluyt.[5][6]

Dei første bøkene på samisk, ei ABC-bok og ei messebok, vart trykte i Sverige i 1619, og dei var skrivne på sørsamisk. Den vesle katekismen kom i 1633, og var skriven på same språk. Ei ABC-bok frå 1638 var skriven på eit meir nordleg språk, lulesamisk. I 1648 kom Johannes Tornæus si Manuale lapponicum ut, eit bestillingsverk frå den svenske staten.

Kyrkja sin språkpolitikk på 1700- og 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1700- og 1800-talet var det samemisjon og statskyrkjer som publiserte tekst på samisk. Sjølv om bruken av samisk varierte frå tiår til tiår, var ein sentral del av politikken i fleire periodar at det var viktigare for forkynne den kristne bodskapen på eit språk samane forstod, enn det var å lære dei statsspråka.

Det sørlege skriftspråket i Sverige (som var basert på pite- og umesamisk vart brukt til å publisere ein katekisme, ei ABC-bok, ei handbok, salmebok, nytestamentet (1755) og Bibelen (1811), skolebøker og ein kalender. I Noreg publiserte Knud Leem og J.A. Stockfleth ordbøker og grammatikkar, men det var først med J.A. Friis si bibelomsetjing frå slutten av 1800-talet at det kom eit skriftspråk som var i bruk blant samar flest (faktisk fram til i dag, i tidsskriftet Nuorttanaste).

Statleg politikk i assimileringsperioden[endre | endre wikiteksten]

Statane sin politikk før 1900-talet var meir prega av ein svak stat enn av ein tolerant politikk. Frå og med moderniseringa av samfunnet, og overgangen til ein meir gjennomgripande pengeøkonomi fram mot førre hundreårskifte gjennomførte statane også ein assimileringspolitikk, der skoleinternat med forbod mot å snakke samisk var ein sentral del. Det samiske språket heldt fram å fungere som språk i religiøse samanhengar. Fleire samiske rettskrivingar vart innført i løpet av 1900-talet (t.d. Ravila-Itkonen-rettskrivinga i Finland på 1930-talet og Bergsland-Ruong-rettskrivinga i Noreg og Sverige i 1948. Desse ortografiane var i bruk fram til dei vart avløyst av ei felles nordsamisk rettskriving i 1979, men på grunn av assimileringspolitikken statane førte vart desse to ortografiane svært lite brukt[7].

Ein ny språkpolitikk frå og med 1980-talet[endre | endre wikiteksten]

For nordsamisk i Noreg kjem ein ny språkpolitikk som resultat av ei samepolitisk mobilisering på 1970-talet. Norsk kulturråd gjer det for første gong mogleg å publisere samiskspråklege bøker etter initiativ frå samiske forfattarar, og ikkje berre som resultat av statlege eller kyrkjelege informasjonstiltak. Den nye rettskrivinga frå 1979 kombinert med finansieringstiltak for samisk litteratur i Noreg gjer det mogleg å få gjeve ut manuskripta til dei samiskspråklege forfattarane på finsk side.

Undervisning i samisk gjer eit stort steg framover med Mønsterplan 1974, som er den første opplæringsplanen som spesifiserer at samiskspråklege barn faktisk skal lære å lese og skrive samisk, og spesifiserer eit konkret pensum for samiskfaget på lik linje med andre skolefag. I åra etter innføringa av denne mønsterplanen kjem det også nokre lærebøker på samisk, læreboksproduksjonen skyt fart med innføringa av den nye rettskrivinga i 1979[8].

Med opprettinga av Sametinget i Noreg kjem blir det også definert eigne samiske kommunar der samisk er administrativt språk i lag med norsk.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Samisk ortografi.

Åtte av dei samiske språka har standardiserte skriftspråk: Sør-, ume-, pite-, lule-, nord-, enare- og skoltesamisk, som blir skrive med det latinske alfabetet, og kildinsamisk, som blir skrive med det kyrilliske alfabetet. Dei ekstra bokstavane (ut over a-z og а-я) er vist i tabellen under. For kvart språk er ISO-språkkoden vist i kolonne 2.

Kildinsamisk (sjd): Јј (Ҋҋ) Һһ (ʼ) Ҍҍ Ӈӈ Ӊң Ҏҏ Ӆӆ Ӎӎ Ӓӓ Ӭӭ А̄а̄ Я̄я̄ Е̄е̄ Ӯӯ О̄о̄ Ю̄ю̄ Ё̄ё̄
Skoltesamisk (sms): Ââ Čč Ʒʒ Ǯǯ Đđ Ǧǧ Ǥǥ Ǩǩ Ŋŋ Õõ Šš Žž Åå Ää (+palataliseringsteikn ´)
Enaresamisk (smn): Áá Ââ Ää Čč Đđ Šš Žž
Nordsamisk (sme): Áá Čč Đđ Ŋŋ Šš Ŧŧ Žž
Lulesamisk (smj): Áá Åå Ŋŋ Ææ/Ää
Sørsamisk (sma): Ïï Ææ/Ää Øø/Öö Åå
Kommunar i Noreg, Sverige og Finland som høyrer til under det samiske forvaltningsområdet, per august 2014.

Offisiell status[endre | endre wikiteksten]

Sjå liste over kommunar der samisk har meir eller mindre grad av offisiell status.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Den norske grunnlova §110a gjev samisk offisiell status i kommunane Kautokeino, Karasjok, Tana, Nesseby, Porsanger, Kåfjord, Lavangen, Tysfjord, Snåsa, Røyrvik, Hattfjelldal og Røros. Dei sju første kommunane er innanfor det nordsamiske språkområdet, Tysfjord innanfor det lulesamiske, og Snåsa, Røyrvik, Hattfjelldal og Røros i sørsamisk område.

Sverige[endre | endre wikiteksten]

Samisk er eit av dei fem offisielle minoritetsspråka i Sverige, det er per 1. mai 2010 òg offisielt i 18 svenske kommunar,[9] sjå samiske kommunar.

Finland[endre | endre wikiteksten]

Den finske grunnlova §17 erkjenner samane sin rett til å ta vare på og utvikla språket sitt.[10] Statusen til samisk er regulert i samisk språklova.[11] Det samiske området omfattar kommunane Enontekis, Utsjok, Enare og den nordlege delen av Sodankylä. Nordsamisk har status som offisielt språk i alle desse kommunane, og i tillegg har enare- og skoltesamisk offisiell status i Enare kommune.

Russland[endre | endre wikiteksten]

Samisk (dvs. kildinsamisk) er eitt av dei «26 nordlege språka» i Russland, og det blir undervist i kildinsamisk i Lovozerskij rajon i Murmansk oblast.

Norden[endre | endre wikiteksten]

Sameland skil seg frå dei autonome områda Færøyane, Åland og Grønland, ved ikkje å bli formelt anerkjent i nordiske samanhengar. Nordisk Råd publiserer likevel ein del av informasjonsmaterialet sitt på nordsamisk.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Itkonen, Erkki and Itkonen, Terho and Korhonen, Mikko. 1971. Lapin murteiden fonologiaa. (Castrenianumin toimitteita, 1.) Helsinki: [s.n.]. 110pp.
  • Korhonen, Mikko. 1967 - 1974. Die Konjugation im Lappischen: morphologisch-historische Untersuchung. (Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia, 143 + 155.) Helsinki: Suomalais-Ugrilainen Seura.
  • Korhonen, Mikko. 1969. Die Entwicklung der morphologischen Methode im Lappischen. Finnisch-Ugrische Forschungen 37. 203–362.
  • Korhonen, Mikko 1988: The Lapp language. Denis Sinor: The Uralic languages. s. 41-57. Leiden: Brill.
  • Lagercrantz, Eliel. 1927. Strukturtypen und Gestaltwechsel im Lappischen. (Suomalais-Ugrilaisen Seuran Toimituksia, 57.) Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura. 438pp.
  • Lagercrantz, Eliel 1939: Lappischer Wortschatz. Lexica Societatis Fenno-Ugricae ; 6. Helsinki, 1939. 2 band.
  • Larsson, Lars-Gunnar . 1985. Kriterien zur Klassifikazion der lappischen Dialekte in Schweden. In Wolfgang Veenker (ed.), Dialectologia Uralica. Materialien des ersten internationalen Symposions zur Dialektologie der uralischen Sprachen. 4–7 September 1984 in Hamburg, 159–171. Harrassowitz.
  • Sammallahti, Pekka (1998). The Saami languages. An introduction. Karasjok: Davvi girji. 
  • Schlachter, Wolfgang 1969: 'Das lappische Tempussystem'. Symposium über Syntax der uralischen Sprachen, pp. 178–195. Abhandlungen der Akademie der Wissenschaften in Göttingen, Vandenhoeck & Ruprecht in Göttingen.
  • Trosterud, Trond 2020: Samiske bokutgjevingar i Noreg – eit uttrykk for norsk samepolitikk? I Samiske tall forteller 13 s. 85-101.
  • Glottolog: Bibilografi over samisk språkforsking

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (Häkkinen 2010a, 2010b)
  2. John Abercromby: The earliest list of Russian Lapp words. In: Suomalais-ugrilaisen Seuran Aikakauskirja. Band 13], Nr. 2, 1895, S.
  3. Baldwin, R. C. D. (2004). "Borough, Stephen (1525–1584)". Oxford Dictionary of National Biography. Oxford University Press
  4. Håkan Rydving (2013). «Words and Varieties» (PDF). Helsinki: Société Finno-Ougrienne. 
  5. Abercromby (1895) S. 1-8
  6. Hakluyt, Richard (1886). Goldsmid, Edmund, red. The principal navigations, voyages, traffiques and discoveries of the English nation (på engelsk). Internet Archive. s. 156-167. Henta 18. august 2020. 
  7. Eit oversyn over bruken av Bergsland-Ruong-rettskrivinga er gjeve i Trosterud 2020.
  8. Jf. Trosterud 2020.
  9. arkivkopi, arkivert frå originalen 3. desember 2013, henta 5. mai 2010 
  10. Finlands grundlag 11.6.1999/731 ved finlex.fi
  11. Samisk språklag