Samisk språkforsking i Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Samisk språkforsking i Sverige starta tidleg, dei første tekstane på samisk vart trykt i Sverige (1619).

1600-, 1700- og 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Presten Pehr Fjellström (1697-1764) i Lycksele gjekk inn for å skildre samisk på ein systematisk måte. I 1738 gav han ut grammatikken Grammatica Lapponica ('samisk grammatikk') og ordboka Dictionarium Sueco-Lapponicum ('svensk-samisk ordbok'), over umesamisk. Ei omsetting av Det nye testamentet vart gjeve ut i 1755, også det på umesamisk. Den første[treng kjelde] samiske ordboka, Lexicon Lapponicum, (1780), av Erik Lindahl og Samuel Öhrling, har og vekt på umesamisk, men her er det også med delar av ordforrådet i pite- og lulesamisk. Ordboka inneheld omsetjingar til svensk og latin. På grunn av forsøket på å få fleire samiske språk inn i same skriftnorm har ordboka ein relativt stilisert ortografi, som med vekslande hell attgjev verkeleg samisk språkbruk. Samanlikna med t.d. Knud Leem si ordbok gjev ho ikkje eit like godt bilete av språket ho skal skildre. Likevel vart Lindahl og Öhrling meir brukt enn Leem i både Sverige og Finland, kanskje nettopp på grunn av dei «enkle» oppslagsformene.

Frå 1885[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1800-talet kom det eit skifte i samisk språkforsking i Sverige. Ungararen Ignác Halász gjorde som første språkforskar feltarbeid på sørsamisk, på svensk side, og publiserte dei i perioden 1885-1896 (Svéd-lapp nyelv 1-7 "Sverigesamisk språk"). Grunnleggjaren av svensk samisk språkforsking, K. B. Wiklund (1868-1934) underviste i samisk i Uppsala frå og med 1894, og han fekk seinare (1909) eit professorat i fennougristikk. Avhandlinga hans, Entwurf einer urlappischen Lautlehre (1896) var starten på vitskapleg fennougristikk i Sverige. Wiklund publiserer om sentrale junggrammatiske emne, lydhistorie, stadieveksling, stadnamn og lånord. Han var tidleg ute med å påvise samisk utbreiing i sørlege delar av Russland og Finland[1]

Wiklund sin etterfølgjar som professor i fennougristikk vart Björn Collinder (1894-1983). Collinder starta ut som nordist, men vart inspirert til å bytte emne på reise i svensk Lappland. Som nordist publiserte Collinder arbeid i skjæringspunktet mellom finsk-ugrisk og nordisk, t.d. Die urgermanischen Lehnwörter im Finnischen frå 1932. Andre arbeid var Lautlehre des waldlappischen Dialektes von Gällivare (1938). Innverknaden frå debatten etter Setälä sine teoriar er tydeleg i avhandlinga hans, som handla om finsk ugrisk stadieveksling (Über den finnisch-lappischen Quantitätswechsel I). Internasjonalt er Collinder mest kjend for tre handbøker, A Handbook of the Uralic Languages (1955-1960), eit trebindsverk beståande av ei finskugrisk etymologisk ordbok, ei grammatikkskisse over alle uralske språk, og ein komparativ grammatikk. Collinder har også omsett Kalevala til svensk. Collinder publiserte også populærvitskaplege arbeid om samisk, men dei mest sentrale arbeida hans er innanfor allmenn fennougristikk.

Collinder sin etterfølgjar som professor vart Bo Wickman (1917-2007), som vart professor i 1962. Wickman hadde vorte inspirert til å byrje med fennougristikk som resultat av reiser til Estland og Ungarn i mellomkrigstida, og han orienterer seg også austover reint vitskapleg, til skilnad frå forgjengarane sine, som begge henta inspirasjon frå svensk lappmark. Wickman si doktoravhandling drøfta kasusval for objektet i ulike uralske språk, med vekt på morfologiske konsekvensar av objektskonjugasjonen (1955).

Frå Israel Ruong fram til i dag[endre | endre wikiteksten]

Med Israel Ruong (1903-86), som sjølv var Arjeplog-same, kom ein ny tendens inn i samisk forsking. Som same var Ruong både aktiv forskar og aktiv samepolitikar. Han var med i samepolitikken, og i praktisk språkarbeid, m.a. stod han i lag med Knut Bergsland attom den såkalla Bergsland-Ruong-rettskrivinga, ein felles norsk-svensk nordsamisk ortografi. I tillegg hadde han ei vitskapleg karriere. Ruong disputerte i 1943 på avhandlinga Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. Ruong var dosent i samisk språk og etnologi i perioden 1949-69 og fekk eit personleg professorat i 1969. På den nye ortografien gav Ruong ut grammatikken Min sámegiella (1970). Israel Ruong var ein av dei som tok initiativ til Nordisk samisk institutt, og han arbeidde for opprettinga av ein samisk institusjon i Umeå.

Nils Erik Hansegård (1918-2002) var den første professoren i samisk i Umeå, i perioden 1975-79. Boka hans, Tvåspråkighet eller halvspråkighet frå 1968 gav opphav til ein diskusjon om språkpolitikk som skulle strekke seg over fleire tiår.Han disputerte i 1967 med avhandlinga Recent Finnish Loanwords in Jukkasjärvi Lappish.

Etter Hansegård vart Olavi Korhonen professor i samisk i Umeå, på ei avhandling om båtterminologi. Korhonen har også arbeidd med samisk leksikografi.

Som i dei andre nordiske landa har dei siste tiåra endeleg sett samiske språkforskarar som har utforska sitt eige morsmål. Etter Ruong er det i Sverige Elina Helander, Mikael Svonni og Susanna Angéus Kuoljok. Helander skreiv språksosiologisk, Om trespråkighet. En undersökning av språkvalet hos samerna i Övre Soppero (1988), Svonni dels språksosiologisk og dels grammatisk i Samiska skolbarns samiska. En undersökning av minoritetsspråksbehärskning i en språkbyteskontext (1993). Kuoljoks avhandling er reint grammatisk, Nominalavledningar på "ahka" i lulesamiskan (1997). Frå 2003 var Mikael Svonni professor i samisk ved Umeå Universitet.

Sentrale leksikografar i Sverige har vore Harald Grundström (1885-1960) for lulesamisk og Gustav Hasselbrink (1900-1982) for sørsamisk. På bakgrunn av eigne notatar og feltarbeidsnotatane til K.B. Wiklund og Björn Collinder skreiv Grundström den store Lulelapsk ordbok (1946-1952), som presenterer oppslagsorda sine former i seks ulike dialektar av lulesamisk, med omsetjing til svensk og tysk.

Hasselbrink studerte sørsamisk som prest i Vilhelmina på 1940-talet, og i 1944 disputerte han med avhandlinga Vilhelminalapskans ljudlära med särskild hänsyn till första stavelsens vokaler. Eit svært moderne verk, med ei eksplisitt autosegmental analyse av omlyd i sørsamisk er Alternative Analyses of the Phonemic System in Central South-Lappish (1965). Tilsvarande idear vart publisert innanfor teoretiske lingvistikk først innpå slutten av 1970-talet. Hasselbrinks hovudverk er Südlappisches Wörterbuch / Oårjelsaamien baaguogärjaa (1981-1985).

Ein annan svensk lappolog var Tryggve Sköld (f. 1922), som byrja som nordist. Det mest kjende arbeidet hans er avhandlinga, Die Kriterien der urnordischen Lehnwörter im Lappischen (1961).

Bo Wickmans etterfølgjar i professorstolen var Lars-Gunnar Larsson, som professor i finsk-ugriske språk i Uppsala i tretti år, frå 1982 til 2012. Larsson si doktorhandling tar opp kasus partitiv og ablativ i austersjøfinsk og mordvinsk. Seinare har Larsson publisert mest om samisk, både faghistorisk om svensk lappologi, og dialektologiske arbeid.

Samanlikna med samisk språkforsking i nabolanda står Sverige i ei mellomstilling. Samanlikna med Noreg står den internasjonale fennougristikken litt sterkare, interessa for samisk er ikkje like dominerande. Som i Noreg, men ikkje i Finland, klarer forskarane i alle fall til ein viss grad, å lausrive seg frå den reint historiske innfallsvinkelen.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. K. B. Wiklund (1911–1912): Lapparnas forna utbredning i Finland och Ryssland, belyst af ortnamnen. Le Monde Oriental 5, p. 101–136, 175–196.


Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hovdhaugen, Even: The History of Linguistics in the Nordic Countries (with Fred Carlsson, Carol Henriksen, and Bengt Sigurd, 2000)

Sjå også[endre | endre wikiteksten]