Samlerhuset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samlerhuset
EigarSamlerhuset-Gruppen

Samlerhuset AS er ein norsk mynthandlar som held til på Kolbotn utanfor Oslo. Samlerhuset AS er eit dotterselskap i Samlerhuset-Gruppen, som har hovudkontor i Amsterdam. Selskapet sel hovudsakleg tradisjonelle samleobjekt som myntar, medaljar, frimerke, setlar og myntbrev.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Samlerhuset blei etablert i 1994 av Sigmund Jakobsen, Reidar Nilsen, Ole Bjørn Fausa og Helge Hellebust. Samlerhuset-Gruppen blei oppretta i 2001, Samlerhuset AS er i dag eit dotterselskap av Samlerhusetgruppen. Gruppa har hovudkontor i Amsterdam. Den norske avdelinga har per 2009 ca 120 tilsette og ei omsetning på 237 millionar kroner [1]. Forutan Samlerhuset AS i Norge, har Samlerhusetgruppen dotterselskap i Sverige, Danmark, Finland, Polen, Nederland, Storbritannia og Estland. Styreformann er Reidar Nilsen og konsernsjef er Svend Vitseland.

Samlerhuset er distributør for myntar frå nærmare 40 nasjonalbankar og myntverk frå heile verda. Selskapet har sidan starten også jobba nært med Det Norske MyntverketKongsberg, som det sidan 2003 har ått 50 % av. Myntverket produserer medaljane Samlerhuset sel.

Milepålar i historia til Samlerhuset:

  • 1994: Samlerhuset vert etablert.
  • 2001: Samlerhuset fusjonerer med MDM Group – Samlerhuset Group blei etablert med hovudkontor i Amsterdam. MDM hadde allereie kontor i Tyskland, Nederland, Austerrike og Storbritannia.
  • 2003: Samlerhuset Group overtar 50 % av aksjane i selskapet Den Kongelige Mynt AS, som i samband med eigarskiftet har skifta namn til Det Norske Myntverket AS
  • 2005: Dine Penger åtvarar lesarane sine mot «å kjøpe Samlerhusets overprisede produkt», Samlerhuset klaga Dine Penger inn for PFU, men tapte saka.
  • 2008: Samlerhuset går ut av fusjonen med MDM Group, MDM beheld verksemdene i Tyskland, Austerrike, Latvia, Tsjekkia og Kina – Samlerhuset Group fheld fram verksemda i Nederland, Storbritannia, Polen, Sverige, Danmark, Finland, Norge, Estland

Samlerhusets verksemd[endre | endre wikiteksten]

Samlerhusets sel myntar, medaljar, setlar, myntbrev og frimerke via postordre. Størsteparten av omsetninga i selskapet er medaljar og minnemyntar dei sel på vegne av nasjonalbankar og myntverk frå heile verda. Samlerhuset sel også eldre myntar frå heile verda. Selskapet sikrar seg tilgang til myntar via distributøravtalar med myntverk og nasjonalbankar. Samlerhuset set ofte saman myntar og medaljar til samlingar dei sel som eit abonnement der kunden mottar ein mynt/medalje kvar månad.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Samlerhuset har fleire gonger vart utsett for kritikk og påstandar om forvirrande marknadsføring og høge prisar. Forbrukarombudet har reagert overfor Samlerhuset i samband med jubileumsmedaljar frå Det Norske Myntverket.[2] Etter eit 6-siders oppslag i 2005 om overprising av produkta og tvilsam marknadsføring blei bladet Dine Penger klaga inn for Pressens Faglige Utvalg av Samlerhuset. Dine Penger oppfordra kjøparar av minnemedaljar til å sende medaljane tilbake og få igjen pengane. Konklusjonen frå PFU var at Dine Penger ikkje hadde brote god presseskikk.[3] I mars 2010 kom forbrukarombudet igjen med kritikk av marknadsføringa til Samlerhuset.[4] I april 2011 hadde TV2 hjelper deg eit innslag om Samlerhuset. Innslaget handla om ein arvesak der arvingane til ein eldre mann (han hadde kjøpt mynter for ca 450 000kr.), meinte seg snytt da samlinga viste seg å ha ein mykje lågare verdi. Samlinga til arvingane blei vurdert av ein mynthandlar frå Oslo, (Henning Roschberg i Roschberg Mynthandle AS), til omtrent 80-90 000 norske kroner.[5] Ein annanhandsverdi på 1/5 av kjøpspris er vanleg på samlerhusets produkt, mens marknadsføringa har fokusert på verdiauke. For å dempe kritikken kjøpte Samlerhuset samlinga tilbake frå arvingene for kostpris.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]