Samojedar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utbreiinga til uralske folkegrupper
Språkgrupper i Nord-Russland og Sibir.
Moderne nenetsarar, ei samojedisk folkegruppe, frå Tajmyrhalvøya nord i Russland.

Samojedar er urfolk som lever delvis som nomadartundraen og taigaen nord i Russland og i det nordvestlege Sibir (frå området rundt Kvitsjøen til Tajmyrhalvøya, særleg ved elvene Ob og Jenisej) og snakkar samojediske språk.

Tidlegare fanst det fleire samojedar òg i Sajan-fjella i Sør-Sibir. Samojedane var opphavleg jegerar, men i dag lever dei stort sett av reindrift og fiske, og dessutan noko pelsdyroppdrett, jakt, jord- og skogbruk. Nganasan-folket var utelukkande jegerar til langt innpå 1900-talet. Den tradisjonelle religionen til samojedane har vore sjamanisme. Samojediske språk vert snakka av kring 30 000 menneske.

Språk og folkegrupper[endre | endre wikiteksten]

Samojediske språk tilhøyrer den uralske språkgruppa og er i slekt med finsk-ugriske språk. Samojedane vert delt inn i folkegrupper etter språkstammane:

Nemninga samojedar (samojed i eintal) har ført til fleire konfliktar, fordi ordet på russisk (samojedy) tyder «dei som et maten rå» eller «dei som et seg sjølv», altså kannibalisme.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]