Samsyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samsyn, fungerande binokulært syn, stereopsis, djupnesyn eller stereoskopisk verknad er noko som oppstår ved samordning av bileta på netthinnene til augo. Vanlegvis vil dei to bileta av same romlege gjenstand vere litt ulike fordi gjenstanden vert sett under ulik vinkel frå kvart auge. Effekten kan lett oppnåast ved enkle teikningar der eit element i biletet blir skipla. Ved skipling til høgre i det biletet som ein ser på med høgre auge i tilhøve til det som ein ser på med venstre, synst elementet trekt inn i biletet, medan det ved motsett skipling synest løft ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]