Samuel Manthey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samuel William Manthey (25. august 17744. august 1815) var ein norsk offiser, embetsmann og stortingsmann.

Manthey var fødd i Glückstadt, faren var prest. Sjølv vart han løytnant i artilleriet i 1793, tok avskjed frå det militære i 1801 som kaptein. Han vart student i 1798 og cand. jur. i 1800. 1802 var han guvernementsekretær i Vestindia, frå 1803 sorenskrivar i Karmsund. 1808-15 var han sorenskrivar i Rakkestad, i 1815 utnemnd til byfut i Larvik og sorenskrivar i Larvik grevskap.

Manthey vart innvald på det overordentlege Stortinget 1814, som 3. representant for dei 14 okkuperte prestegjelda i Smaalenenes amt. Valet vart godkjent med 59 røyster mot 14. Han var medlem av Lagtinget.

24. april 1815 vart Manthey, saman med kaptein Thorne og sorenskrivar Winsnes, oppnemnd til å granske forsvinninga og det sannsynlege mordet på grosseraren Hans Gude på herregarden Thorsø i Borge i Østfold. Han døydde brått på eit skysskifte 13. juli, etter å ha drukke eit glas vatn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914