Samuel Morland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peter Lely: Samuel Morland

Samuel Morland, eller Moreland (16251695) var ein engelsk akademikar, diplomat, spion, oppfinnar og matematikar. Han utvikla nye metodar innan reknemaskinar, hydraulikk og dampenergi.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Samuel var son av Thomas Morland, som var rektor ved kyrkja i Sulhamstead Bannister. Han vart utdanna ved Winchester School og Magdalene College i Cambridge, der han i 1649 var utnemnt til «fellow». Han nytta mykje av tida til å studera matematikk, var god i latin og kunne gresk, fransk og hebraisk, som på denne tida var diplomatspråka. Han underviste ved Cambridge, der han møtte Samuel Pepys som han samarbeidde med resten av livet.

Diplomat[endre | endre wikiteksten]

Samuel Morland var svært interessert i politikk og då han var ferdig med utdanninga si tok han til å arbeida innan offentleg administrasjon. I 1653 gjorde han ei reise til Sverige og i 1655 sende Oliver Cromwell han på eit oppdrag til Italia for å protestera mot at hertugen av Savoie forfølgde waldensianarane. Han fungerte som ambassadør i Genève ei tid og medan han var der skreiv han ei bok [1].

Spion[endre | endre wikiteksten]

Han arbeidde ei tid som assistent for John Thurloe, som var sjef ei avdeling som spionerte til fordel for Det engelske samveldet. Men etter å ha høyrt at Richard Willis, Thurloe og Richard Cromwell planla å drepa den framtidige kongen Karl II, vart han desillusjonert over regjeringa , vart dobbelagent og tok til å spionera til fordel for den engelske restaurasjonen. Samstundes utvikla han kryptografiske metodar. Denne aktiviteten hjelpte han seinare til å verta tilsett ved hoffet.

Oppfinnar[endre | endre wikiteksten]

Den 18 juli 1660 vart han utnemnt til baronet og fekk ei mindre viktig stilling i rettssystemet, men hovudinntekta hans kom frå at han nytta kunnskapane sine innan matematikk og hydraulikk til å konstruera ulike maskinar:

  • Han konstruerte vasspumper, for å forsyna Windsor Castle med vatn. Rundt 1675 patenterte han ei av desse pumpene.
  • Han eksperimenterte med ei krutdriven vasspumpe som nytta undertrykk når gassen etter ein eksplosjon vart avkjølt til å lyfta vatn. Han utvikla pumper for ymse føremål, som å pumpa vatn frå brunnar, frå dammar og gruver og for å nyttast som brannpumpe. Han arbeidde òg med planar for ei dampmaskin.
  • Ei mekanisk addisjonsmaskin, som arbeidde med engelske pund, shillingar og pence
  • Ei reknemaskin som utførte trigonometriske berekningar.
  • Ei reknemaskin som utførte alle dei fire fundamentale operasjonane (addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon). Denne maskina skal ha vore ei av dei fyrste som utførte multiplikasjon. Ei av desse maskinane vert oppbevart ved Science Museum i South Kensington i London.
  • I 1671 hevda han å å ha funne opp ein «talande trompet», som truleg var ei tidleg utgåve av ein megafon.
  • Han fekk i oppgåve å laga speglar til kongen og å halda vedlike trykkeripressene hans
  • I 1681 vart han utnemnt til magister mechanicorum (meister i mekanikk) ved hoffet, som takk for at han hadde ført fram vatn til Windsor.
  • Han korresponderte med Pepys om vogner til skipskanonar.
  • Han konstruerte ei skipsankarvekt.
  • Han utvikla ein ny type barometer
  • Laga ei krypteringsmaskin

Frå 1677 budde Morland i Vauxhall i London og frå 168] i Hammersmith. På sine gamle dagar vart synet dårleg og rundt 1692 vart han blind. Han døydde den 30. desember 1695 og vart gravlagt den 6 januar 1696 ved Hammersmith kyrkje.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Morland, S., The History of the Evangelical Churches of the Valleys of Piemont, 1658.