Samuel Reshevsky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samuel Reshevsky

Statsborgarskap Polen, USA
Fødd 26. november 1911
Ozorków
Død

4. april 1992 (80 år)
New York by

Yrke sjakkspelar, journalist, bokfører
Språk polsk, engelsk
Samuel Reshevsky på Commons
Samuel Reshevsky

Samuel Herman Reshevsky (26. november 19114. april 1992) var ein polsk fødd amerikansk stormeister i sjakk, frå midt på 1930-talet ein av dei sterkaste sjakkspelarane i verda.

Samuel Reshevsky var fødd Ozorków, då ein del av det russiske riket, no Polen, som Szmul Rzeszewski, eit av seks barn i ein jødisk familie. Alt som seksåring spelte han simultansjakk mot fleire vaksne motstandarar. Som sjakk-vedunderbarn[1] tok foreldra han med på simultanturne i Europa, og etter kvart kom dei til USA i 1920, der dei blei verande. 11 år gammal vann han eit turneringsparti mot sjakkmeisteren David Janowski. I 1923 vart sjakkarriæra avbroten av skulegang, eit avbrot som varte til han hadde tatt avsluttande eksamen i rekneskap ved Universitetet i Chicago i 1933.

Reshevsky begynte deretter å spele sjakk aktivt, og frå 1935 deltok han i internasjonale turneringar.

Sjakkresultat[endre | endre wikiteksten]

Reshevsky sitt internasjonale gjennombrot kom i ei turnering i Margate i 1935, der han vann mot den tidlegare verdsmeisteren i sjakk José Raúl Capablanca.

Han etablerte seg deretter i verdstoppen i sjakk, og hadde svært mange sterke resultat. Eit lite utval av desse:

I Nottingham 1936 tok han 3.-5.-plass saman med Euwe og Fine. Same året vart han for første gong USA-meister, han vann seinare også i 1938, 1940 og 1946. I 1937 vann han turneringa i Kemeri saman med Salo Flohr og Vladimirs Petrovs, og i Semmering delte han 3-4. plass. Han vann deretter Hastings 1937/38, og blei nummer 2 etter Flohr i Leningrad/Moskva 1939.

I turneringa om Verdsmeisterskapen i sjakk 1948 delte han 3-4.-plass med Paul Keres, etter Mikhail Botvinnik og Vassilij Smyslov.

FIDE utnemnde Reshevsky til Stormeister i sjakk i 1950, som ein av dei 27 første.

I 1952 delte han førsteplassen i Havanna med Miguel Najdorf, Argentina. Same året spelte dei ein tvekamp som Reshevsky vann 11-7. Etter dette kunne Reshevsky rekne seg som den beste spelaren på den vestlege halvkula.

Reshevsky spelte første bord i to prestisjetunge landskampar mot Sovjetunionen: I 1954 klarte han uavgjort mot Vassilij Smyslov og i 1955 vann han 2,5-1,5 mot Mikhail Botvinnik.

I 1961 spelte han ein tvekamp mot Bobby Fischer, den enda etter 11 parti uavgjort, +2 =7 -2. I 1968 tapte han kvartfinalen i Kandidatturneringa mot Viktor Kortschnoi. I 1969 og 1971 vann han for 6. og 7. gong USA-meisterskapen.

Reshevsky var aktiv som sjakkspelar til han nådde høg alder, og spelte i sterke turneringar så seint som i 1989. Han døydde i Suffern, Delstaten New York i 1992 av eit hjarteåtak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]