Samuel Taylor Coleridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samuel Taylor Coleridge

Samuel Taylor Coleridge måla av Washington Allston.
Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 21. oktober 1772
Ottery St. Mary
Død

25. juli 1834 (61 år)
London

Yrke lyrikar, filosof, teolog, litteraturkritikar, kritikar, skribent
Språk engelsk
Medlem av Lake Poets, Royal Society of Literature
Religion Den anglikanske kirke
Far John Coleridge
Mor Anne Bowden
Ektefelle Sarah Fricker, Mary Matilda Betham
Born Sara Coleridge, Derwent Coleridge, Hartley Coleridge, Berkeley Coleridge
Signatur
Samuel Taylor Coleridge på Commons

Samuel Taylor Coleridge (21. oktober 177225. juli 1834) var ein engelsk diktar, kritikar og filosof som saman med William Wordsworth var ein av grunnleggjarane av den romantiske rørsla i England. Han er truleg best kjend for dikta The Rime of the Ancient Mariner og Kubla Khan, og dessutan det store prosaverket Biographia Literaria.

Liv og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Coleridge vart fødd den 21. oktober 1772 i Ottery St. Mary i Devon som son av ein protestantisk prest. Etter far hans døydde, vart han send til ein internatskule i West Sussex. Tilhøvet til mora var vanskeleg.

«Kubla Khan» skrive av Coleridge.

Frå 1791 til 1794 gjekk han på universitetet i Cambridge, bortsett frå ein kort periode da han var med i ei hæravdeling. På universitetet møtte han politiske og teologiske idear som den gongen vart sedde på som radikale. Han forlét universitetet utan å ha teke nokon grad, og slutta seg til diktaren Robert Southey. Denne hadde ei plan, som snart vart oppgjeven, om å skipe eit utopisk-kommunistisk samfunn i villmarka i Pennsylvania. I 1795 gifta dei to vennene seg med systrene Sarah og Elizabeth Fricker. Ekteskapet til Coleridge viste seg elles å vere ulykkeleg. I 1796 gav han ut Poems on Various Subjects. Same året begynte Coleridge å bruke opium som smertelindrande middel mot ymse lidingar.

Åra 1797 og 1798, da vennene budde i Nether Stowey i Somerset, var blant dei mest fruktbare i livet til Coleridge. Attåt Ancient Mariner dikta han det symbolske diktet Kubla Khan, ifølgje Coleridge sjølv skrive som resultat av ein opiumspåverka draum, og første delen av det narrative diktet «Christabel». I denne perioden produserte han òg sine høgt verdsette «konversasjonsdikt», «This Lime-Tree Bower My Prison», «Frost at Midnight» og «The Nightingale».

Byrjinga på romantikken[endre | endre wikiteksten]

I 1798 gav Coleridge og Wordsworth ut det felles diktverket Lyrical Ballads, som synte seg å vere startskotet for den engelske romantiske rørsla. Om hausten same året fór dei til Tyskland. Coleridge var mykje av tida i universitetsbyar, og vart interessert i tysk filosofi, særleg tankane til filosofen Immanuel Kant, og i litteraturkritikken til Gotthold Lessing. Coleridge studerte tysk, og etter han kom tilbake til England, omsette han til engelsk den dramatiske trilogien Wallenstein av den tyske diktaren Friedrich Schiller.

Rotløyse[endre | endre wikiteksten]

I 1800 vende han tilbake til England og slo seg kort etter ned med familie og venner i Keswick i Lake District i Cumberland. Men han fekk snart problem med manglande sjølvtillit som diktar, vanhelse og aukande opiumsavhengigheit.

Frå 1804 til 1806 budde Coleridge på Malta, og reiste på Sicilia og i Italia, med det håpet at klimaendringa ville gjere han godt. Ei tid hadde han ein jobb som sekretær for den britiske administrasjonen på Malta.

Mellom 1808 og 1819 gav han ein serie med forelesingar i London og Bristol. Dei han heldt om William Shakespeare fornya interessa i dramatikaren som modell for samtidige forfattarar. I 1816 flytta ein nedkøyrd Coleridge inn hos legen James Gillman i Highgate. Der gjorde han ferdig det viktigaste prosaverket sitt, Biographia Literaria (1817). Dei delane av verket der Coleridge gjekk inn på definisjonar av diktinga sin natur er særleg viktige. Han gav òg ut andre skrifter medan han budde i Gillman-heimen, av dei kan nemnast Sibylline Leaves (1817), Aids to Reflection (1825) og Church and State (1830). Coleridge døydde i Highgate 25. juli 1834.

Meir om verka hans[endre | endre wikiteksten]

The Albatross about my Neck was Hung. Illustrasjon til Rime av William Strang.

Coleridge er truleg mest kjend for dei lange forteljande dikta sine, «The Rime of the Ancient Mariner» og «Christabel». Sjølv dei som aldri har lese «Rime» har vorte påverka av det, orda i det har gjeve det engelske språket metaforen om ein albatross rundt halsen, sitatet «water, water everywhere, but not a drop to drink» (som eigentleg ikkje er rett sitert) og uttrykket «a sadder but wiser man». «Christabel» er kjent for musikalsk rytme og språk og den «gotiske» forteljinga.

«Kubla Khan, or A Vision in a Dream, A Fragment» er òg vidkjent og elska. Det har eit merkeleg drøymande biletspråk og som dei fleste gode dikt kan det lesast på mange nivå. Både «Kubla Khan» og «Christabel» har ein særleg romantisk aura fordi dei aldri vart gjorde ferdige.

Dei kortare mediterande «konversasjonsdikta» viste seg likevel å bli dei verka hans som fekk størst innverknad. Desse inkluderer både stille dikt som «This Lime-Tree Bower My Prison» og «Frost at Midnight» og sterkt kjensleladde dikt som «Dejection» og «The Pains of Sleep». Wordsworth tok med ein gong desse dikta som modell, og bruka han til å komponere fleire av dei viktigaste dikta sine. Via Wordsworth vart konversasjonsdiktet eit poetisk standarduttrykk i England, og kanskje den vanlegaste tilnærmingsmåten blant moderne diktarar.

Sjølv om han er mest kjend for dikta sine, gav Coleridge òg ut essays og bøker om litteraturteori, kritikk, politikk, filosofi og teologi. Han introduserte Immanuel Kant til det britiske publikummet i forelesingane og «torsdagskveldseminara» i Highgate. Han skreiv politiske kommentarar og anna for fleire aviser, særleg under Napoleonskrigane. Han omsette to av Schiller sine skodespel frå tysk og skreiv fleire drama sjølv. Han arbeidde òg som lærar og rådgjevar, heldt offentlege forelesingar og preiker, og han skreiv og gav ut to periodiske blad, Watchman og Friend, mesta åleine. Han var heile livet namngjeten som konversasjonalist.

Breva hans, Table Talk, og breidda av venner han hadde, gjenspeglar kor breie interessene hans var. Attåt litterære venner som Wordsworth og Charles Lamb, hadde han venner som kjemikaren Humphry Davy, den amerikanske målaren Washington Allston og legen James Gillman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Samuel Taylor Coleridge
Wikisource

Originaltekst av Samuel Taylor Coleridge ved Wikisource.