Samuelsbøkene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samuel salver David til konge. Fra Ingeborg psalteret, ca. 1200

Samuelsbøkene (hebraisk: Sefer Sh'muel ספר שמואל) er ein del av den jødiske Tanakh og det gamle testamentet i den kristne Bibelen. Bøkene vart opphavleg skrivne på hebraisk som ein tekst, men i den kristne tradisjonen har dei blitt delt i fyrste og andre Samuelsbok. Desse er niande og tiande bok i Bibelen i den forma ho har i dag. Oppdelinga oppstod ved oversettinga av den hebraiske teksten til gresk i Septuaginta. Der vart denne boka og den hebraiske kongeboka (Sefer Melachim, ספר מלכים ) organisert i lag som fire "kongedømmebøker", noko som vart ført vidare i Vulgata som 1.-4. kongebok. Frå King James version vart Vulgatas fyrste og andre kongebok kjent som fyrste og andre Samuelsbok, mens Vulgatas tredje og fjerde kongebok vart fyrste og andre kongebok.

Bøkene har sitt namn etter den bibelske skikkelsen Samuel, som reknast som den siste av dommarane og den fyrste av dei store profetane i Bibelen. Hovudmotivet i bøkene er opprettinga av det jødiske kongedømet og liva og rivaliseringa mellom dei to fyrste kongane, Saul og David. Hendingane som er omtala her omtalast òg i krønikebøkene.

Innhaldet kan grovt inndelast i fire:

  • Samuel vert født og kalla av Gud (1 Sam 1 - 7)
  • Saul vert konge, hans regjeringstid før David. (1 Sam 8 - 15)
  • Rivaliseringa mellom Saul og David (1 Sam 16 - 2 Sam 1)
  • David si regjeringstid som konge (2 Sam 2 - 2 Sam 24)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]