San Andreas-forkastinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Overblikk over San Andreas-forkastinga på Carrizo Plain i sentrale deler av California, 35°07'N, 119°39'W

San Andreas-forkastinga er ei geologisk forkasting som strekkjer seg 1 300 km gjennom vestlege og sørlege delar av California i USA. Forkastinga er ein høgre-lateral stryk-fallforkastning som dannar ein fallande overgang mellom Stillehavsplata og Den nordamerikanske kontinentalplata.

Forkastinga vart først oppdaga i Nord-California av geologiprofessor Andrew Lawson frå UC Berkeley i 1895, og gjeve namn av han etter ein liten innsjø som ligg i ein rett dal som er utforma av forkastinga like sør for San Francisco, Laguna de San Andreas. Etter jordskjelvet i San Francisco 1906 var det Lawson som oppdaga at San Andreas-forkastinga òg strekte seg sørover til Sør-California.

Sørlege, midtre og nordlege segment[endre | endre wikiteksten]

San Andreas-forkastningen kan delast i tre segment.

Kart over San Andreas-forkastinga som viser relativ rørsle.

Det sørlege segmentet (kjend som Mojavesegmentet) byrjar ved Salton Sea ved nordenden av East Pacific Rise og går nordover før han byrjar ein slak sving mot vest der han møter San Bernardino-fjella. Her går han langs den sørlege foten av San Bernardino-fjella, kryssar Cajon Pass og held fram nordvest langs den nordlege foten til San Gabriel-fjella. Desse fjella er danna ved rørsle langs San Andreas-forkastningen og blir kalla Transverse Range. Dette segmentet er den mest analyserte forkastinga i verda. Dette kjem av eit avbrekk i forkastinga i Palmdale (nest største byen som ligg rett på forkastningen) der Antelope Valley Freeway passarar gjennom han, og dei djupe laga av nydanna jordskorpe kan sjåast tydeleg.

Etter å ha kryssa Frazier Park svingar forkastinga nordover. Dette områdde vert kalla «Big Bend» og blir rekna for å vere der forkastinga vert låst i Southern California idet platene prøver å gli forbi kvarandre. Denne delen av forkastinga har eit gjentakingsintervall på 140–160 år. Nordvest for Frazier Park går forkastinga gjennom Carrizo Plain, ei lang slette utan vegetasjon der mykje av forkastinga er lett synleg. Elkhorn Scarp definerer forkastningssonen over mykje av lengda innanfor sletta.

Det midtre segmentet av San Andreas-forkastningen går i ein nordvestleg retning frå Parkfield til Hollister. Medan den sørlege delen av forkastinga og delar gjennom Parkfield har jordskjelv, viser resten av den midtre delen av forkastinga eit fenomen som blir kalla aseismisk kryping. Dette uttrykket skildrar at forkastinga rører seg utan å medføre jordskjelv.

Det nordlege segmentet av forkastinga går frå Hollister gjennom Santa Cruz-fjella, episenteret til Loma Prieta-skjelvet i 1989, så opp til San Francisco-halvøya der han var først oppdaga av professor Lawson i 1895, og så ut frå kysten ved Pacifica ved Mussel Rock. Dette er omtrent på episentret til jordskjelvet i 1906. Forkastinga vender tilbake innover land ved Bolinas Lagoon like nord for Stinson Beach i Marin County. Han går tilbake under vatn under den lineære senkinga Tomales Bay som skil Point Reyes Peninsula frå fastlandet, og snur innover land igjen ved Fort Ross. Derfrå held han fram over land og dannar delvis ein lineær dal med elva Gualala River. Han går tilbake ut frå kysten ved Point Arena. Etter det går han under vatn langs kysten mot Cape Mendocino, der han svingar mot vest og endar i eit trippelpunkt med Mendocino brotsone og Cascadia subduksjonssone. I nord ligg Gorda Plate som blir pressa under kanten av den nordamerikanske plata.

Platerørsle[endre | endre wikiteksten]

Historisk rørsle ved San Andreas-forkastinga.

Alt land vest for forkastinga på Stillehavsplata rører seg mot nordvest medan alt land austom forkastinga rører seg mot sørvest i tilhøve til forkastinga på grunn av platetektonikk. Farten til denne forkastingsaktiviteten er gjennomsnittleg 33–37 mm/år over California.[1] Projisert rørsle indikerer at Californiabukta vil skuvast nordover samstundes som landmassane vest for forkastinga, inkludert Baja California-halvøya og California-kysten (inkludert Los Angeles), glir forbi San Francisco, og vil så fortsette nordvestover som ei øy mot Den aleutiske gropa over ein periode på kanskje 20 millionar år.

Vitskaplege undersøkingar[endre | endre wikiteksten]

Forsking ved Parkfield[endre | endre wikiteksten]

Lenger sør i sentrale California ligg den vesle byen Parkfield, som ligg ved San Andreas-forkastingar. Seismologer oppdaga at denne delen av forkastinga stadig genererer jordskjelv med styrke 6,0 omtrent kvart 22. år. Etter jordskjelv i 1857, 1881, 1901, 1922, 1934 og 1966, spådde forskarar eit jordskjelv i Parkfield i California i 1993. Dette jordskjelvet kom i 2004 (sjå Parkfield-jordskjelvet). På grunn av denne hyppige aktiviteten og dei verkar å vere føreseielege, har Parkfield vorte ein av dei mest populære stadane i verda for å prøve å registrere store jordskjelv.

I 2004 byrja arbeid like nord for Parkfield på San Andreas Fault Observatory at Depth (SAFOD). Målet for SAFOD er å bore eit nesten 3 km djupt hol inn i jordskorpa og inn i San Andreas-forkastinga. Ei rekkje med sensorar vil installerast for å fange og registrere jordskjelv nær dette området.[2]

Studie hos Universitetet i California[endre | endre wikiteksten]

En studie av Yuri Fialko[3] har vist at San Andreas-forkastinga har blitt aktivert til eit nivå tilstrekkelig for neste «big one», som det kallast, det vil si eit jordskjelv av styrke 7,0 eller større. Studiet fann òg at risikoen for eit større jordskjelv kan auke raskere enn forskarar tidlegare trudde. Fialko påpeikte òg i dette studiet at medan San Andreas-forkastinga har hatt store jordskjelv i 1857 i det midtre segmentet og i 1906 i det nordlige segmentet, har ikkje det sørlege segmentet hatt eit tilsvarende utbrot på minst 300 år.

Om eit slikt utbrot skulle inntreffe, vil det i følgje studiet til Fialko medføre stor skade på Palm Springs og fleire andre byar i San Bernardino-, Riverside- og Imperial-fylka i California, og Mexicali kommun i Mexico. Ei slik hending ville merkast over det meste av Sør-California, òg i tett folkesette område av Los Angeles, Orange County, San Diego og TijuanaBaja California.

«Alle desse dataene viser at forkastinga er klar for neste store jordskjelv, men nøyaktig når utløysinga vil skje og kva tid jordskjelvet vil kome kan vi ikkje vite», sa Fialko. «Det kan bli i morgon eller det kan bli om meir enn ti år», konkluderte han.

Store jordskjelv[endre | endre wikiteksten]

San Andreas-forkastinga har hatt fleire kraftige jordskjelv i historisk tid:

  • 1857 Fort Tejon – 350 kilometer vart utløyst i sentrale og sørlege California. Sjølv om det er kjent som Fort Tejon-skjelvet, var episenteret truleg langt mot nord, like sør for Parkfield. Berre to døydde vart rapportert. Styrken var omtrent 8,0.
  • 1906 San Francisco – 430 kilometer vart utløyst i Nord-California. Episenteret var nær San Francisco. Omkring 3 000 menneske omkom i jordskjelvet og brannane som følgde. Denne gongen var styrken estimert til 7,8.
  • 1989 Loma Prieta – 40 kilometer vart utløyst (sjølv om utbrotet ikkje nådde overflata) nær Santa Cruz i California, medførte 63 døde og moderate øydeleggingar i spesielt sårbare område i San Francisco Bay Area. Styrken denne gongen var omtrent 7,1.
  • 2004 Parkfield – den 28. september 2004, klokka kvart over 10 om morgonen, råka eit jordskjelv av styrke 6,0 California på San Andreas-forkastinga. Dette jordskjelvet var venta i 1993 basert på dei siste jordskjelvvarsla. Det gjekk elleve år før denne spådomen gjekk i oppfylling. Trass i den ekstra tida mellom to hendingar, var ikkje styrken høgare enn opphavleg venta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «San Andreas-forkastningen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2013.
  • Collier, Michael (Dec 1, 1999). A Land in Motion. UC Press. ISBN 0-520-21897-3. 
  • Stoffer, Philip W. (2006). Where's the San Andreas fault? A guidebook to tracing the fault on public lands in the San Francisco Bay region. USGS. General Interest Publication 16. 
  • Lynch, David K. (2006). Field Guide to the San Andreas Fault: See and Touch the World's Most Famous Fault on any one of Twelve Easy Day Trips. Thule Scientific. Full color, GPS coordinates, ISBN 0-9779935-0-7. 
  1. Wallace, Robert E. «Present-Day Crustal Movements and the Mechanics of Cyclic Deformation». Henta 30. desember 2013. 
  2. «San Andreas Fault Observatory at Depth». USGS Earthquake Hazards Program. Henta 30. desember 2013. 
  3. Fialko, Yuri (2006). «Interseismic strain accumulation and the earthquake potential on the southern San Andreas fault System» (PDF). Nature 441: 968-971. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: San Andreas Fault