San Bernardino-passet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

San Bernardino-passet er ein fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Vegen over fjellet knyter saman dalane Rheinwald og Val Mesolcina. Frå passhøgda er det i luftlinje fire kilometer til Hinterrhein i nord og 12 km til Mesocco i sør. Passhøgda på 2 065 meter over havet ligg på vasskiljet mellom Nordsjøen og Middelhavet, og samsvarar med språkskiljet mellom tysk og italiensk.

Vegen over San Bernardino-passet er vinterstengd frå desember til april.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Fjellovergangen har minst vore i bruk sidan romartida. Fjellovergangen vart mykje viktigare etter ein på 1400-talet hadde bygt ut Via Mala mellom Hinterrheindalen og Rhindalen. Ruta over San Bernardino-passet vart då eit attraktivt alternativ til fjellovergangane lenger aust, som Settimo- og Julierpasset. Sjølv om vegen vart mura med steinblokker, var han lenge farbar einast med pakkdyr. Første kjerrevegen stod ferdig i 1770, medan dagens fjellveg vart bygt frå 1818 til 1823. I 1967 vart den 6,6 km lange San Bernardino-tunnelen under passet opna. Europaveg 43 går gjennom tunnelen, som vart utbetra i 2006.

San Bernardino-passet er oppkalla etter den italienske helgenen 'Bernadin av Siena'.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Panorama over San Bernardino-passet, retning sør(Val Mesolcina)