San Cristóbal de La Laguna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Cristóbal de La Laguna
La Laguna.jpg
Flagget til San Cristóbal de La Laguna Byvåpenet til San Cristóbal de La Laguna
Flagget til San Cristóbal de La Laguna Byvåpenet til San Cristóbal de La Laguna
Styresmakter
Land
Region
Provins
Flag of Spain.svg Spania
Kanariøyane
Santa Cruz de Tenerife
Grunnlagd 1496
Borgarmeister Fernando Clavijo Batlle
Geografi
Flatevidd
 - By

102.06 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)

148375
Høgd over havet 546 m
Diverse anna
Postnummer 38200-38299
Nettstad: www.aytolalaguna.com
Plassering
Plassering av  San Cristóbal de La Laguna

San Cristóbal de La Laguna (ofte berre kalla La Laguna) er ein by og ein kommune nord på øya Tenerife i provinsen Santa Cruz de TenerifeKanariøyane. Byen er er den tredje største i øygruppa og den nest største på øya. Han er ein del av forstadane til Santa Cruz de Tenerife. Det historiske senteret i La Laguna vart innskrive på verdsarvlista til UNESCO i 1999.

Universitetet i La Laguna ligg i byen og har om lag 30 000 studentar. Desse vert ikkje medrekna i folketalet i byen. La Laguna vert rekna som det kulturelle senteret på Kanariøyane.

Økonomien er føretaksbasert medan jordbruk dominerer den nordaustlege delen av byen. Dei urbane områda dominerer dei sentrale og sørlege områda. Turisme dekkjer nordkysten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

San Cristóbal de La Laguna i 1880
Casa Montañez

Slaget ved Aguere vart utkjempa her i 1494. Byen vart grunnlagd mellom 1496 og 1497 av Alonso Fernández de Lugo og dette var hovudstaden på øya fram til heile øya var erobra. Kystområda vart seinare plyndra av sjørøvarar. Universitetet i La Laguna vart grunnlagd i 1701.

Nedgang i folketal og økonomi på 1700-talet førte til at hovudstaden vart flytta til Santa Cruz de Tenerife i 1723. Santa Cruz har sidan vore hovudstad på Tenerife.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: San Cristóbal de La Laguna