San Francisco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sentrum av San Francisco sett i sørleg retning frå Coit Tower. Den transamerikanske pyramiden er midt i biletet
Utsikt mot nord med hamna Fisherman's Wharf og øya Alcatraz
Golden Gate Bridge

San Francisco er ein storby i delstaten California på vestkysten av USA. Byen er den fjerde største i California med kring 800 000 innbyggjarar. Han ligg i nordenden av San Francisco-halvøya som er med og formar San Francisco-bukta. Byen vert utgjort av fleire øyar i bukta i tillegg til Farallon-øyane som ligg 43 km ut i Stillehavet.

Byen er senteret i San Francisco Bay Area, med eit folketal på kring 7 millionar. Han har den høgaste folketettleiken av alle større byar i USA ved sidan av New York City. Dei fyrste europearane som busette seg i San Francisco var spanjolar (1776). Byen fekk ei rask vekst på grunn av gulljakta i California (California gold rush) som tok til i 1848.

Byen vart øydelaga av eit jordskjelv i 1906, men vart raskt bygd opp igjen. Føniksen i byvåpenet representerer San Francisco si attføding frå oska. San Francisco har lenge hatt eit bohemstempel og var ein magnet innanfor undergrunnskulturen ("flower power"). Byen var ein viktig fristad for homofile frå andre del av 1900-talet. Byen var òg senter for internett-satsinga (dot-com-bylgja på slutten av hundreåret.

San Francisco sin Chinatown (kinesarby) har den største samling av kinesarar utanom Kina.

Av kjende landemerke finn ein trikkesystemet (cable cars), Transamerikapyramiden (260 m høy), Golden Gate-brua (1970 m lang) og den tidlegare fengselsøya Alcatraz (nå museum).

Innan sport har byen klubbane San Francisco 49ers i amerikansk fotball og San Francisco Giants i baseball. Byen hadde tidlegare toppklubbar òg i basketball og ishockey, men desse vart flytt til høvesvis Oakland på andre sida av San Francisco-bukta og San Jose i sørenden av bukta.

25. februar 2011 snødde det i sentrum av byen for fyrste gong sidan 5. februar 1976.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: San Francisco

Kjelder[endre | endre wikiteksten]