San Juan de Ambato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Ambato
Foto: André Hübner

Ambato, med fullt namn San Juan de Ambato, er ein by midt i Ecuador som ligg ved elva Ambato. Byen er hovudstad i Tungurahuaprovinsen og har 154 095 innbyggjarar. Han er eit viktig senter for handel og transport i området, og måndagsmarknaden er den største salsplassen for kjøt, frukt og grønsaker i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Marknadsdag i Ambato
Foto: Martin Zeise

Den 12. november 1821 vann frigjeringshelten Antonio José de Sucre eit viktig slag mot den spanske hæren i Ambato.

Eit jordskjelv den 5. august 1949 øydela store delar av byen, slik at det er få bygningar igjen frå kolonitida. Fiesta de Ambato, ein frukt- og blomefestival halden i karnevalstida, blei starta for å koma seg frå øydeleggingane. Festivalen er i dag ein stor turistattraksjon. Den digre kvite domkyrkja i byen vart også bygd for å erstatta ei sterkt skadd kyrkje.

Folk frå Ambato[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: San Juan de Ambato