San Servolo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Servolo Utsikt over Giudecca
San Servolo.

San Servolo er ei øy i Venezialagunen, søraust for San Giorgio Maggiore i Italia.

Sidan minst 700-talet og fem hundre år framover levde benediktinarmunkar på denne øya. Seinare flytta òg nonner til øya etter at klostera deira St. Leone og St. Basso på øya Malamocco vart øydelagd av eit jordskjelv. På byrjinga av 1400-talet reiste nonnene igjen, men vart snart erstatta av andre nonner som flykta frå den tyrkiske invasjonen på Kreta. På byrjinga av 1700-talet var det berre nokre få att og senatet i Republikken Venezia valde å opprette eit nytt militærsjukehus på øya på grunn av krigane mot tyrkarane. Seinare vart sjukehuset nytta for dei mentalt sjuke. Som følgje av dette dukka uttrykket «Ma ti xe de S. Servolo?» («Er du frå San Servolo?») opp i området, som eit alternativ til «Er du galen?». I 1978 vart sjukehuset nedlagd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 45°25′N 12°21′E