Sanctus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sanctus, latin for heilag, er eit liturgisk ledd i den kristne messa, ofte det mest høgtidlege.
Teksten er henta frå lovsongen serafane song til Gud i tempelet i Jerusalem [1] og frå lovsongen folket i Jerusalem hylla Jesus med då han reid inn i byen den fyrste palmesundagen. (Matteusevangeliet 21.9[2]; Markusevangeliet 11.9-10[3]; Johannesevangeliet 12.13[4]).
Sanctus er òg namnet på dei små klokkene som blant anna vert bruka ved katolske messer.
[endre] Tekst
Teksten lyder på latin:
- Sanctus, Sanctus, Sanctus,
- Dominus Deus Sabaoth;
- pleni sunt coeli et terra gloria tua.
- Hosanna in excelsis.
- Benedictus, qui venit in nomine Domini.
- Hosanna in excelsis.
I norsk omsetjing lyder han:[5]
- Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot,
- all jorda er full av hans herlegdom.
- Hosianna i det høgste.
- Velsigna vere han som kjem i Herrens namn.
- Hosianna i det høgste.
Det er skrive mange melodiar til Sanctus. Melodiane kan variere gjennom kyrkjeåret.
[endre] Referansar
- Denne artikkelen bygger på «Sanctus» frå Svensk Wikipedia, den 1. april 2009.