Sandøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sandøy)
Gå til: navigering, søk
Sandøy kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1546
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Steinshamn
Areal 20 km²
Folkemengd 1 316 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Hans Endre Sæterøy (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.sandoy.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1546.svg
Sandøy kommune på Commons

Sandøy kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar til Haram i sør, til Midsund i aust og til Aukra i nord. Kommunen vart skilt ut frå Aukra i 1867, og har sine noverande grenser frå 1965 då den sørlege delen av Harøya som høyrde til Haram vart overført til Sandøy. Sandøy er den nest minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal, noko han har vore sidan Tustna kommune vart slått saman med nabokommunen Aure i 2006.

Administrasjonssenteret i kommunen er Steinshamn, som ligg nord på Harøya.

Det er to kyrkjer i Sandøy kommune; Sandøy kyrkje og Harøy kyrkje som høvesvis er plasserte på Sandøya og Harøya.

Haramsnytt er lokalavis for Sandøy og Haram kommune.

Geografi [endre]

Sandøy er ein øykommune, og er den kommunen med minst flatevidd i Møre og Romsdal. Flesteparten av øyane i kommunen er flate og myrlendte, der seks av desse er busette. Harøy på 13,6 km² er den største øya i kommunen og utgjer kring 60 % av flatevidda. Her ligg administrasjonssenter for kommunen og størstedelen av folkesetnaden bur her. Ut mot havet ligg øyane Ona og Husøya, Sandøya og Finnøya ligg nordaust for Harøya, og Orta ligg aust i kommunen. Det høgaste punktet i Sandøy er Harøyburet på 156 moh. som ligg på Harøy.

Kommunevåpen [endre]

Kommunevåpenet til Sandøy vart godkjent 1986. Våpenet synar på blå botn tre spissar i sølv som møtest på høgre skjoldkant og illuderer ljos frå fyrtårn.

Kjelder [endre]

Referansar [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]