Sandøya i Porsgrunn

Koordinatar: 59°03′10″N 09°43′57″E / 59.05278°N 9.73250°E / 59.05278; 9.73250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandøya
Geografi
Stad Langesundsfjorden
Koordinatar 59°03′10″N 09°43′57″E / 59.05278°N 9.73250°E / 59.05278; 9.73250

Areal 1,4 km²

Høgaste punkt Kulåsen (56 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Telemark

Demografi
Folketal 303
Folketettleik 216 /km²

Sandøya er ei øy ved Brevik i Porsgrunn kommune i Telemark fylke. Ho har eit areal på 1,4 km² og det høgaste punktet er «Kulåsen» (56 moh.). Det finst ingen innsjøar eller tjern på øya. Sandøya er omkransa av Langesundsfjorden i sør, Eidangerfjorden i vest og Ormerfjorden i nord og aust.

«Grenlandsskjergarden»

Sør på øya ligg tettstaden Sandøya, der dei fleste av dei 303 fastbuande bur (2007) [1]). Her finst mellom anna butikk og barneskule, og det er ferjesamband til Brevik. Fleire hytter, samt ein campingplass, gjer at folketalet på øya aukar kraftig om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SSB, arkivert frå originalen 1. oktober 2007, henta 9. april 2008 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.