Sand Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sand Bay sett nordover frå Monk's steps. Ein kan sjå spartinagras nord for stranda. Sand Point ligg i bakgrunnen og Sør-Wales ligg langt bak på andre sida av vatnet.

Sand Bay er ei kyststripe i North Somerset i England som grensar til Worlebury Hill i sør og til Middle Hope (ofte kalla Sand Point) i nord. Det ligg om lag 3 km nord for feriestaden Weston-super-Mare, og tvers over Bristolkanalen frå South Wales. Han ligg like ved landsbyen Kewstoke.

Nordenden av Sand Bay har vore overgrodd av spartinagras sidan 1950-åra. Dette hardføre graset vart planta for å støtte breidda av ein sidekanal til Bristolkanalen oppover frå Sand Bay. Dei siste 20 åra har graset raskt vokse over heile nordsida av stranda og har no byrja å ta over isolerte område i sør.[1] Graset har òg byrja å gro på stranda ved Weston-super-Mare, men dette vert fjerna av dei lokale styresmaktene.

I 1980-åra vart delar av stranda ved Sand Bay heva for å hindre flaum ved å pumpe sand frå Bristolkanalen opp på stranda.[2] Stranda har no to nivå, eit i den opphavlege høgda nær havet, og i same høgd som den nærliggande vegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 51°23′N 2°58′W