Sandala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandala
צַנְדַלָה, סַנְדַלָה, صندله
landsby
Sandala-moskeen, 2007
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Gilboa regionale kommune
Koordinatar 32°31′N 35°19′E / 32.517°N 35.317°E / 32.517; 35.317
Folketal 1 500  (2006)
Kart
Sandala
32°31′00″N 35°19′00″E / 32.51666667°N 35.31666667°E / 32.51666667; 35.31666667
Wikimedia Commons: Sandala

Sandala (arabisk صندله, hebraisk צַנְדַלָה, סַנְדַלָה)[1] er ein arabisk landsby i Nord distrikt i Israel. Han ligg nær Afula og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 1 500. Innbyggjarane i Sandala høyrer til al-Omari-klanen, som ein trur er etterkomarar etter den andre kalifen i islam, Umar ibn al-Khattāb.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar i kjernen av den gamle landsbyen, nær moskeen, har avdekt keramikk frå tidleg islamsk tid og mamelukkane.[2]

I følgje ei lokal segn vart den noverande landsbyen grunnlagd på 1700-talet av to brør frå den nærliggande landsbyen Arranah, som i dag ligg på Vestbreidda.[3]Edward Robinson vitja Sandala i 1838, skildra han staden som «liten med ruinar av fundament»,[4] medan Guérin[5] og Survey of Western Palestina seinare på 1800-talet skildra staden som «ein liten landsby på kanten av ei slette, bygd av stein og leire, med cisterner, og omgjeve av pløgd land.»[6]

Under den britiske folketeljinga i 1931 hadde Sandala 36 busette hus og eit folketal på 189 muslimar.[7] I 1945 hadde Sandala 220 innbyggjarar, all klassifiserte som arabarar. Dei eigde i alt 3 217 dekar land, meda 32 dekar var i offentleg eige, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 2 dekar plantasjar og irrigert land, 3 109 dekar vart nytta for korn,[9] medan 7 dekar vart utbygd land.[10]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Sandala erobra av den israelske hæren og så gjenerobra av den irakiske hæren. På grunn av plasseringa innafor Den grøne linja vart han ein del av Staten Israel.[11]

Petersen, som vitja landsbyen i 1994, skildra ein ny moské i sentrum av landsbyen, visstnok bygd på eldre fundament. Området kring moskeen dannar kjernen i den gamle landsbyen og delar av området var øydelagd, medan resten var planlagt nedrive.[12]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1881, s.167
  2. Mokary, 2008, Sandala Final Report Arkivert 2012-03-06 ved Wayback Machine.
  3. Alexandre, 2009, Sandala Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine.
  4. Robinson, 1841, s.161
  5. Guérin, 1874, s.326
  6. Conder og Kitchener, 1882 s.87
  7. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 70. 
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.55
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 99
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 149
  11. The Hot Spot Arkivert 2014-06-11 ved Wayback Machine., Jerusalem Post
  12. Petersen, 2001, s.289

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]