Sanday i Indre Hebridane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sanday
Lokalt namn: Sandaigh
Geografi
Sanday i Indre Hebridane is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°3′ N 6°29′ WKoordinatar: 57°3′ N 6°29′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 1,84 km²
Høgaste punkt 59 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Demografi
Folketal 6 (2001)
Folketettleik 3,3 /km²

Sanday (skotsk-gælisk Sandaigh, norrønt Sandey) er ei av Small Isles, i Indre Hebridane i Skottland. Ho er ei tidvassøy som heng fast i naboøya Canna via sandbankar ved lågvatn. I tillegg har ho brusamband til Canna. Canna og Sanday dannar eit enkelt samfunn og vert ofte berre omtalt som Canna.

Skulen på Sanday
Foto: Peter Van den Bossche

Sanday hadde ved siste offisielle folketeljing seks innbyggjarar fordelt på tre husstandar[1]. Som lokalsamfunn fungerer Sanday og Canna i alle praktiske omsy som ei eining. Skulen ligg til dømes på Sanday, medan kyrkja som er i jamleg bruk av øybuarane ligg på Canna. Folketalet på dei to øyane har auka sidan 2001.

St. Edwards kapell på Sanday vart bygt i 1889, men har vore avvigsla sidan 1963.[2] Kyrkjebygget er no gjort om til eit studiesenter for gæliske språk. Senteret vart opna 5. juni 2001 av Prinsesse Anne av Storbritannia.[3]

Utsikt frå Compass Hill på Canna mot Sanday. I bakgrunnen til venstre øya Rùm.
Utsikt frå Compass Hill på Canna mot Sanday. I bakgrunnen til venstre øya Rùm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Number of residents and households in all inhabited islands (engelsk) (PDF). Vitja 20. februar 2010.
  2. www.canna.highland.sch.uk
  3. www.hebrideantrust.org