Sanday i Orknøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sanday
Geografi
Sanday i Orknøyane is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°29′ N 5°35′ WKoordinatar: 56°29′ N 5°35′ W
Øygruppe Orknøyane
Areal 50,43 km²
Høgaste punkt The Wart (65 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane
Største busetnad Lady
Demografi
Folketal 478 (2001)
Folketettleik 9,5 /km²

Sanday er ei busett øy i Orknøyane, utanfor nordkysten av Skottland. Med eit areal på kring 50 kvadratkilometer er ho den tredje største av Orknøyane. Dei største busetnadane er Lady Village og Kettletoft. Ein kan kome til Sanday med ferje eller fly frå KirkwallMainland.

Naturhistorie[endre | endre wikiteksten]

Sanday har fått namnet sitt etter sandstrendene på øya. Arkeologiske funn tyder på at ho tidlegare bestod av fleire minder øyar som voks i saman då havnivået minka. Øya har store sanddyner der ein finn gråsel og oter. Inne på øya er det frodig jordbruksland og noko kommersiell hummaroppdrett.

Geologien på øya består hovudsakleg av sediment frå devontida.[1]

Det er fleire område på Sanday som har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særleg vitskapleg interesse) og område på austsida av øya har status som Special Protection Area (særskild verneområde) på grunn av sanddynene og machair-habitat, som er sjeldan å sjå utanfor Hebridane. I tillegg finn ein store område med marskland.[2].

Luftfoto av austsida av Sanday

Historie[endre | endre wikiteksten]

Av attraksjonar på øya finn ein gravhaugar frå 2000-talet f.Kr. Ein stor menneskeskapt haug ved Pool vart grave ut i 1980-åra. Denne indikerte ein struktur frå yngre steinalder av brent torv. Ein annan halvsirkulær struktur med heller og celler, samt ein viking stein og rektangulære jordbygningar frå 700- eller 800-talet er òg funne.

Under den andre verdskrigen bygde Royal Air Force ein Chain Home radarstasjon ved Whale Head på Sanday. Sanday hadde òg ein gong i tida det nordlegaste passasjertoget i Storbritannia, Sanday Light Railway.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Omand, Donald (ed) (2003). The Orkney Book. Edinburgh: Birlinn. 
  2. «Sanday site details». JNCC. http://www.jncc.gov.uk/protectedsites/sacselection/sac.asp?EUCode=UK0030069. Henta 20. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]