Sandefjordsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sandefjordsfjorden er ein fjord i Sandefjord kommune. Han ligg vest for Vesterøya og strekker seg om lag 10 km inn mot byen Sandefjord som ligg inst i fjorden, og som fjorden er kalla opp etter.

Innløpet til fjorden er mellom Holtskjæra i aust og Kjerringholmane i vest, og i den ytre delen av fjorden grenser han til Larvik kommune i vest.

Av viker og bukter i fjorden finn ein Folehavna, Håkarvika, Rørvika, Slottsvika og Korsvika.

I 2006 var det ein diskusjon i byen om ein skulle kutte ned namnet til berre «Sandefjorden» då ein politikar syntest det vart litt «smør på flesk» med Sandefjordsfjorden. Men det vart ikkje byta namn og fjorden har framleis det opphavlege namnet sitt.