Sandeid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sandeid kommune)
Sandeid (tettstad)
tettstad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Vindafjord
Areal 0,63 km²
Folketal 679  (2023)
Folketettleik 1 078 / km²
Postnummer 5585 SANDEID
Kart
Sandeid
59°33′00″N 5°50′00″E / 59.55°N 5.83333333°E / 59.55; 5.83333333
Wikimedia Commons: Sandeid, Vindafjord

Sandeid er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Det var tidlegare også ein kommune.

Sandeid tettstad[endre | endre wikiteksten]

Sandeid, eller Sandeidsjøen, ligg inst i Sandeidsfjorden. Fylkesveg 46 går gjennom Sandeid, og Riksveg 514 går nordover til Ølensjøen. Det er barneskule og barnehage i bygda, og den største verksemda er slakteriet til Gilde.

Sandeid sokn[endre | endre wikiteksten]

Sandeid kyrkje

Soknet femnar om bygdene vid indre Sandeidsfjorden og har 1 081 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti.

Sandeid kommune[endre | endre wikiteksten]

Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sandeid ein del av Vikedal kommune, men vart i 1923 frådelt som ein eigen kommune, då med 558 innbyggjarar. I 1965 vart Sandeid kommune med 876 innbyggjarar nedlagd og gjekk inn i den nyoppretta Vindafjord kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]