Sandeidsfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandeidsfjorden er ein fjordarm av Vindafjorden eller Krossfjorden og utgjer den nordlege delen av «krossen». Fjorden ligg i Vindafjord kommune og er nesten 9 km lang og har eit djup på opp til 370 meter.
Fjorden har innløp mellom Fløkje i vest og Helleneset ved Hogganvik i aust. Like nord for innløpet stikk Osavika inn mot aust og her ligg tettstaden Vikedal. Lenger nord stikk Årvik og Ilsvåg inn mot vest til grendene Årak og Viland. Inst i fjorden ligg bygda Sandeid som har gjeve namn til fjorden. Riksveg 46 går langs aust- og nordsida av fjorden.
Sørvest for innløpet til Sandeidsfjorden går Yrkefjorden vestover.

