Sander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sander er òg namnet på ei bygd i Sør-Odal i Hedmark.
Sander Boschker, nederlandsk målmann.

Sander er eit mannsnamn, ei kortform av Aleksander. Sander har namnedag i Noreg den 18. mars.

Sander er opphavleg eit tysk kortnamn. Ei tilsvarande engelsk kortform for Alexander er Xander, uttalt med stemd s.

Sander og Sanders kan òg vera eit slektsnamn. Sandra er eit nærskyld kvinnenamn.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Sander er eit utbreidd førenamn i Belgia og Nederland.

I Noreg auka namnet kraftig i popularitet etter 1995, før bruken sokk igjen på 2000-talet. Ved byrjinga av 2007 var det nær 5 500 som hadde Sander til første fornamn.

I den norske folketeljinga frå 1801 var 61 personar manntalsførte med dette namnet, av dei 25 i Ål i Hallingdal. Det er vanskeleg å seie kor godt folketeljinga syner utbreiinga av dette namnet; prestane, som hadde ansvaret for manntalsføringa, kan ha valt å skrive inn det fulle namnet Aleksander om folk oppgav namnet Sander. I 1900 var det nær 150 som vart manntalsførte med namnet Sander. Namnet var mest bruka i Nordland.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Mart Sander, estisk skodespelar.

Etternamn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]