Sandfloeggi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandfloeggi
Sett frå Holmasjøen (søraust)
Sett frå Holmasjøen (søraust)
Høgd over havet 1721 moh
Ligg i/på Odda (Hordaland)
Fjellkjede Hardangervidda
Primærfaktor 540 m
Koordinatar 59°56′50.89″N 7°8′39.81″EKoordinatar: 59°56′50.89″N 7°8′39.81″E

Sandfloeggi eller Sandfloegga er eit 1721 meter høgt fjell som ligg i Odda kommune og det er høgaste fjell på Hardangervidda om ein ikkje rekna med Hardangerjøkulen og Folarskardnuten. Sandfloeggi er saman med Nupmassivet i sør eit ganske utprega fjellmassiv på den elles langstrekte, flate vidda. Hardangervidda ligg i gjennomsnitt på 1200 moh., men i sørvest ved Sandfloeggi er terrenget meir kupert.

Frå toppen kan ein sjå ut over heile Hardangervidda, Hårteigen (1690 moh.) i nord, Hallingskarvet (1933 moh.) i nordaust, Gaustatoppen (1883 moh.) i søraust og ut mot Folgefonna (1662 moh.) i vest. Mange trur at Hårteigen er den høgaste på Hardangervidda, sidan han kanskje er meir kjent og meir utprega for vandrarar på vidda, men det er han altså ikkje.

Sandfloeggi er som med Hårteigen delt inn i tre etasjar av bergartar. Nedst er det grunnfjell-granitt, ovanfor ligg metamorfe sedimentbergartar, og øvst dannar den harde gneisen dei bratte stupa i nordaust.

Tilkomst[endre | endre wikiteksten]

De fleste går til Sandfloeggi vinterstid på ski frå Haukeliseter, og følgjer då som regel ei kvista løype ved Mannevatn. Så går ein opp til Holmasjøen og passerer denne (om isen er trygg). Eventuell rute vidare er opp frå Sandflotjønna. Sommarstid tar ein vanlegvis ruta på austsida av tjønna. Etter ein har nådd toppen kan ein velje å gå tilbake til Haukeliseter eller dra vidare mot Hellevassbu eller Middalsbu. Sommarstid er det lettast å nå toppen frå Middalsbu og følgje Trossovdalen opp på toppen, på platået er det to "brear", men desse er stort sett ufarlege å gå på.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Hordaland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.