Sandhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sandhi (av sanskrit saṃdhi संिध 'samansetjing', saṃ सं 'saman' + dhi िध 'setjing') er ei nemning frå gamalindisk grammatikk[1], som i moderne språkvitskap blir nytta om fonologiske endringar som skjer på grensa mellom to morfem. Dersom dei to morfema høyrer til det same ordet, kallar vi det intern sandhi. Dersom dei to morfema høyrer til to ulike ord, kallar vi det ekstern sandhi. Som ein hovudregel kan ein seie at sandhi skjer når vi elles hadde fått ein fonologisk struktur som bryt med fonotaksen i språket.

Ekstern sandhi[endre | endre wikiteksten]

Ekstern sandhi er sandhi over ei morfemgrense som også er ei ordgrense.

Eit døme frå norsk[endre | endre wikiteksten]

I mange norske dialektar – særleg austlandske, trøndske og nordnorske – "smeltar" r og ɽ på slutten av eitt ord saman med ein t, d, n eller s fremt i neste ord til høvesvis ʈ, ɖ, ɳ eller ʃ. Her er nokre døme frå grenlandsmålet, med verbforma æːr 'er' pluss eit personnamn:

  • æːr + ²toːveæː ²ʈoːve 'er Tove'
  • æːr + ²daːvidæː ²ɖaːvid 'er David'
  • æːr + ¹nilsæː ¹ɳils 'er Nils'
  • æːr + ²sisilæː ²ʃisil 'er Sissel'

Eit døme frå engelsk[endre | endre wikiteksten]

I mange dialektar av engelsk, mellom anna dei fleste dialektane i England, blir det sett inn ein ɹ mellom to ord dersom det fyrste endar på ein vokal V1 (monoftong eller diftong) og det neste ordet byrjar med vokal. V1 omfattar ikkje alle vokalar som førekjem på slutten av ord, mellom anna ikkje diftongar som endar på ɪ eller ʊ. Her er nokre døme på ɹ-innsetjing føre verbforma ɪz ‹is› 'er':[2]

  • ðǝ + ˈkɔː + ɪzðǝ ˈkɔː ɹ ɪz ‹the core is› 'kjernen er'
  • ðǝ + ˈlɔː + ɪzðǝ ˈlɔː ɹ ɪz ‹the law is› 'lova er'
  • ðǝ + ˈtiːʧǝ + ɪzðǝ ˈtiːʧǝ ɹ ɪz ‹the teacher is› 'læraren er'
  • ðǝ + bǝˈnaːnǝ + ɪzˈðe bǝˈnaːnǝ ɹ ɪz ‹the banana is› 'bananen er'

Intern sandhi[endre | endre wikiteksten]

Intern sandhi skjer over grensa mellom to morfem som høyrer til det same ordet.

Eit døme frå norsk[endre | endre wikiteksten]

I mange norske dialektar – særleg austlandske, trøndske og nordnorske – "smeltar" r og ɽ på slutten av eit morfem saman med ein t, d, n eller s fremt i neste morfem til høvesvis ʈ, ɖ, ɳ eller ʃ. Her er nokre døme frå grenlandsmålet, med prefikset for pluss eit verb:[3]

  • for + ²telefo¹ʈele 'fortelje'
  • for + ²dampefo¹ɖampe 'fordampe'
  • for + ²nektefo¹ɳekte 'fornekte'
  • for + ²soːvefo¹ʃoːve 'forsove'

Eit døme frå engelsk[endre | endre wikiteksten]

Det regelrette fleirtalssuffikset ved engelske substantiv blir skrive ‹s› (som i ‹cats› 'kattar') eller ‹es› (som i ‹boxes› 'boksar'), men det blir uttala ɪz, s eller z, avhengig av kva fonem stammen endar på:

Nokre døme:

  • ˈbɒks-ɪz ‹box-es› 'boksar'
  • ˈbʊk-s ‹book-s› 'bøker'
  • ˈʃuː-z ‹shoe-s› 'skor'

Det er vanleg å framstille dette som sandhi, i det ein tenkjer seg at fleirtalssuffikset har ei grunnform (også kalla "underliggjande representasjon" eller "morfofonologisk representasjon") z som blir modifisert for å fjerne brot på engelsk fonotaks:

Då kan sandhien framstillast slik:

  • ˈbɒks + zˈbɒks - ɪ - z ‹box-es› 'boksar'
  • ˈbʊk + zˈbʊk - s ‹book-s› 'bøker'
  • ˈʃuː + z ‹shoe-s› 'skor'

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Mugglestone, Linda 1997. 'Talking Proper.' The Rise of Accent as Social Symbol. Oxford: Clarendon Press.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamfør artikkelen om den indiske grammatikaren Pāṇini, som truleg levde på 400-talet f. Kr.
  2. Det er ikkje uvanleg at dette sandhifenomenet blir framstilt som to forskjellige fenomen. Når det fyrste ordet endar på ‹r› ortografisk, blir det framstilt som manglande "r-bortfall". Ein slik "ståande" ɹ blir kalla "linking r" 'lekkje-r'. Når det fyrste ordet ikkje endar på ‹r› ortografisk, blir det kalla "r-inntrengjing" og den innsette ɹ blir kalla "intrusive r" 'inntrengjande r'. Frå ein fonologisk synstad kan ein ikkje skilje mellom "linking r" og "intrusive r", sjølv om ein del talarar prøver å late vere å setje inn ɹ der han ikkje finst i ortografien. Fenomenet er grundig framstilt i Mugglestone (1997: 155–159).
  3. Frå ein teoretisk synsstad kan ein stille spørsmål ved framstillinga, sidan det kan hevdast at avleiingsprefikset for blir lagt til "før" bøyingssuffikset e for infinitiv, men sandhien blir i alle høve den same.