Sandløpar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandløpar
Sandløpar i Spania, august 2008 Foto: commons:User:Franciscosp2Wikimedia-brukar Franciscosp2
Sandløpar i Spania, august 2008
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar[1]Utbreiinga av sandløpar
Utbreiinga av sandløpar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Sandløpar C. alba
Vitskapleg namn
Calidris alba

Sandløpar (Calidris alba) er ein liten vadefugl i snipefamilien. Han er ein sirkumpolar, arktisk hekkefugl, og er ein langdistansetrekkfugl som overvintrar sørover til Sør-Amerika, Sør-Europa, Afrika og Australia. Dei er svært sosiale om vinteren, nokre gonger dannar dei store flokkar på kysten av vadehav eller sandstrender.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hekkeområdet ligg på øyar og fastland innanfor det som er markert med svart strek.

Sandløparen er ei tjukkfallen, lita snipe, 18-20 centimeter i lengd. Vekta varierer i området 40-100 gram. Vinterdrakta er bleik, med lys grå overside. Dette er kjelda til det spesifikke vitskaplege namnet, alba, som er latinsk for 'kvit'. Seinare på sommaren blir andlet og hals mursteinsraudt. Både nebbet og beina er mørke. Den juvenile fuglen er svart- og kvitspraglete, og viser mykje meir kontrast enn dei vaksne. Åtferda til sandløparen er særprega når dei er i aktivitet, men viss storleiken er feilbedømt under kvile, kan ein sandløpar i hekkedrakt forvekslast med mindre Calidris-artar. Sandløparen kan identifiserast sikkert ved at han i motsetnad til slektningane heilt manglar baktå.

Denne fuglen har marginalt mindre storleik enn myrsnipa, er tjukkare, med eit kortare, kraftig nebb. Sandløparar viser eit sterkt kvitt vengeband i flukt. Dei vil ofte beite på flate sandstrender med bårebrot, når båra med vatn trekkjer seg attende spring dei med korte stopp for å plukke byttedyr i overflata. Føda er små krabbar og andre små virvellause dyr. Under rasting i nordtrekket i Amerika, konsumerer dei store mengder egg av dolkehalar i Delaware Bay-området.

Når fuglane kjem til dei høgarktiske hekkeområda om våren, (sjå kart), legg dei 3-4 egg i ei senking i bakken. I hekkeområde er føda hovudsakleg insekt og litt plantemateriale.

Utbreiing, habitat og trekk[endre | endre wikiteksten]

Sandløpar i vinterdrakt, Panama, desember 2005

Sandløparen hekkar i dei høgarktiske områda av Nord-Amerika, Europa og Asia. I Nord-Amerika hekkar dei lengst nord på Dei kanadiske arktiske øyane, på Nord-Grønland, og i mindre grad Alaska, i Eurasia hekkar dei på Svalbard, og områda av asiatisk Nord-Russland frå Tajmyrhalvøya til Nysibirøyane. I den nordlege vinteren har han ein nesten kosmopolitisk distribusjon på kystar over store delar av verda. Han er ein komplett flyttfugl, reiser mellom 3 000 til 10 000 kilometer mellom hekkeområde og overvintringsplassar. Fuglar som har lengst trekkrute er dei siste som kjem til hekkeplassen og dei første som startar trekket mot sør. Majoriteten av vaksne forlèt hekkeområda i juli og byrjinga av august, medan juvenile fuglar ventar til slutten av august og byrjinga av september. Trekket mot nord byrjar i mars frå den sørlege delen av vinterkvarteret.[2]

Hekkehabitat til sandløparen er kystnær tundra med kaldt klima. Arten vel vanlegvis hekkeplassar på tørre, steinete område nær våte område, frå 60 til 800 moh. Om vinteren og under trekket er habitatet sandstrender ved kyst, men dei kan òg velje flater av sand og mudderbankar med tidevatn, meir sjeldan ved innsjøar, på elvebreidder og ved steinete kystar.[2]

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

På Svalbard hekkar sandløparar på Spitsbergen og på Prins Karls Forland, men truleg er populasjonen mindre enn 100 par.[3] Sandløparar trekkjer over fastlands-Noreg, og kan til dømes treffast i området Jæren til Lista under hausttrekket. Dei kan òg sporadisk sjåast vinterstid i landet.[4]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Sandløparar beitar på virvellause byttedyr som ligg nedgravne i sanden i tidevassområde. I Nord-Amerika er denne føda hovudsakleg av isopodar som Excirolana linguifrons og Excirolana kincaidii, og små anomurer som Emerita analoga. Når tidvatnet er ute, held desse krepsdyra seg i hòler eit stykke under overflata. Når tidvatnet kjem inn, flyttar dei opp i dei øvre laga av sanden slik at dei kan beite på plankton og detritus som skyl over dei med kvar båre. Deretter grev dei seg raskt ned igjen når vatnet trekkjer seg tilbake. Dei etterlèt ingen merke på overflata slik at sandløparen må jakte på dei ved å setje nebbet i sanden på måfå, og tar det dei treffer. Nebba kan berre trengje to eller tre centimeter ned, men når vatnet virvlar rundt og trekkjer seg attende, er sanden mjukare og dette gjer det enklare å søkje i sanden. Når forplantinga skjer blant bentiske organismar om våren, kan det vere så mange som 4000 dyr per kvadratmeter, men då er den gjennomsnittlege storleiken på byttedyra mindre enn seinare på året. Fuglane ser ut til springe tankelaust rundt ved fronten av bølgjene, men i røyndomen maksimerer dei sjansane for å fange så mange byttedyr som mogleg når byttedyra er på sitt mest sårbare nær overflata.[5]

Sandløparar er territoriale i hekketida, då vil hannen forsvare reviret sitt aggressivt. Dei kan anten danne monogame par eller leve polyandrisk, som ei ho og fleire hannar.[2]

Sandløparen er ein av artane som vert omfatta av avtalen om vern av afrikanskeurasiatiske trekkjande vassfuglar, AEWA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark sandløpar Calidris alba (Pallas, 1764) Henta 4. desember 2010
  2. 2,0 2,1 2,2 Macwhirter, R. B., P. Austin-Smith Jr., og D. E. Kroodsma (2020). Sanderling (Calidris alba), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.sander.01
  3. Norsk Polarinstitutt Sandløper (Calidris alba) Henta 4. desember 2021
  4. Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7.
  5. Schultz, Stewart T. The Northwest Coast: A Natural History. (1990) Timber Press, Inc. Portland, Oregon. p129-130

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sandløpar