Sandnes kommune
| Sandnes kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1102 |
| Fylke | Rogaland |
| Adm.senter | Sandnes |
| Areal | 302 km² |
| Folkemengd | 67 687 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Stanley Wirak (Ap) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.sandnes.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Sandnes kommune på Commons | |
- For tettstaden i Nordland, sjå Sandnes i Hadsel
Sandnes er ein by og ein kommune på Nord-Jæren i Rogaland fylke.
Sandnes kommune er med 60.100 innbyggjarar den niande største kommunen i Noreg, og den åttande største byen. Kommunen har ei flatevidd på til saman 302,9 km².
Gjennom dei siste tjue åra har innbyggjartalet årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9 %. I seinare tid utgjer dette 800 personar kvart år. Sandnes er den byen i landet som veks mest. Truleg vil veksten halda fram på same vis dei komande åra.
Innhaldsliste |
Venskapsbyar [endre]
Historie [endre]
Sandnes si historie kan sporast attende heile 6-7.000 år. Frå 1664 av er det registrert busetnad. I 1860 fekk Sandnes status som kommune (ladestad), og feirar med det 150 års jubileum i 2010. I 1965 vart Sandnes kommune utvida med delar av gamle Hetland kommune, dette galt Riska sogn og Dale krins. Resten av Hetland kommune gjekk inn i Stavanger. Heile gamle Høyland og Høle kommunar gjekk òg inn i Sandnes.
Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn.
Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Øglænd og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.
Sandnesgauken [endre]
I kommunevåpenet eller byvåpenet finn ein Sandnesgauken. Ein Sandnesgauk er ein leirgauk, som kan nyttast som eit leiketøy til å spela på. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen.
Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan kalla seg sandnesar, sandnesbu eller sandnesgauk.[2]
Kjøpesenterkommune [endre]
I Sandnes kommune finn ein store kjøpesenter, både i sentrum og utanfor. Vågen Amfi ligg i ein gamal fabrikk ved kaia i Sandnes, medan Steen & Strøm Kvadrat ligg på Lura i Sandnes nord. Her er det mange slike store butikkar, og fleire føretak.
Kjende sandnesgaukar [endre]
- Bjørn Maaseide - sandvolleyballspelar
- Torkel Ravndal - vektløftar
- Eli Oftedal Sømme - kunstnar
- Bjørg Tørresdal - politikar
- Jørgen Langhelle - [skodespelar]
- Jonas Øglænd - industrigrunnleggjar
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ «Sandneser, sandnesbu eller gaug?» i Sandnesposten 24.03.2009
| Kommunar i Rogaland | ||
|---|---|---|
| Bjerkreim · Bokn · Eigersund · Finnøy · Forsand · Gjesdal · Haugesund · Hjelmeland · Hå · Karmøy · Klepp · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Rennesøy · Sandnes · Sauda · Sokndal · Sola · Stavanger · Strand · Suldal · Time · Tysvær · Utsira · Vindafjord | ||