Sandnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandnesfjorden er òg ein del av innsjøen Åraksfjorden i Bygland kommune.

Sandnesfjorden er ein fjord i Risør kommune i Agder. Om lag 8 km inn i fjorden stikk Avreidkilen seg 2 km nordover. Innløpet til denne fjordarmen er svært trongt, berre om lag 50 meter, og over her går det ei bru langs riksveg 411. Om lag midtvegs inn i fjorden på sørsida ligg tettstaden Sandnes som har gjeve namn til fjorden.

Det ligg fleire holmar og småøyar i den ytre delen av fjorden, som Saltbuholmen, Langholmen, Bukkholmen, og vesle og store Furuøya.