Sandro Botticelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandro Botticelli - «Portrett av Simonetta Vespucci»

Sandro Botticelli, eigentleg Alessandro di Mariano Filipepi (fødd 1445 i Firenze, død 17. mai 1510) var ein italiensk kunstmålar.

Botticelli sine mest vidgjetne malarstykke med scener frå mytologien si verd er Venus' fødsel, Våren, Pallas sigrar over ein kentaur og Venus og Mars. Tankevekkjande, men fyld med ro, har dei farga oppfatninga om antikken heilt sidan dei vart måla. Saman med madonnaene og store, omfattande arbeid som til dømes Kongane si tilbeding, utgjer dei Botticelli sine mest karakteristiske kunstverk.

Talentet til Botticelli vart tidleg oppdaga. På byrjinga av 1480-talet budde han i Roma, der han utførte fresker i Det sixtinske kapellet. Mot slutten av hundreåret hadde han økonomi til å kunna driva ein stor verkstad. På grunn av den revolusjonen innan malerkunsten som Leonardo da Vinci og Michelangelo sette i gang, vart han mindre populær. I tillegg fekk han dårleg helse på sine eldre dagar

Nokre verk[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sandro Botticelli