Sandro Mazzola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frimerke frå Ajman i 1968

Alessandro Mazzola, kjend som Sandro Mazzola (fødd 8. november 1942) er ein italiensk, tidlegare fotballspelar frå Torino. Frå sin posisjon son indre høgre var han ein av dei aller beste fotballspelarane i Italia på 1960- og 70-talet, med framifrå evner som pasningsleggar og ballkontrollør. To gongar, 1964 og 1965, var han med på Inters sigrar i Europacupen og vann dessutan fire seriemeisterskap med Grande Inter. Mazzola spela 70 landskampar for Italia og skåra 22 mål. Han var ein sentral spelar både då Italia vann EM i fotball 1968 og det vart VM-sølv i 1970. Også faren Valentino Mazzola spela landskampar for Italia. Til liks med faren var han ein offensiv midtbanespelar og ein dyktig målskårar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Mazzola debuterte for Inter i 1961 og skåra i debuten. Han slo gjennom på fyrstelaget i 1962/63-sesongen då Inter sikra seg det fyrste av tre seriemeisterskap på fire år. Både i 1964 og 1965 vann klubben den store Europacupen, med Mazzola som ei drivande offensiv kraft. I 1965 vart han seriemeister i Serie A, og vart også toppskårar i ligaen med 17 nettkjenningar, saman med Fiorentinas Alberto Orlando. Mazzola fekk sitt fjerde ligagull i 1971, same året som han kom på andreplass i kåringa av årets spelar i Europa, bakom Johan Cruijff. Mazzola spela heile si tid i Inter. I løpet av 16 sesongar på San Siro spela han 418 kampar i Serie A, og skåra 116 mål. Han la opp i 1977.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Mazzola debuterte på det italienske landslaget den 12. mai 1963, i ein kamp der verdsmeistrane frå Brasil vart slått 3-0 og Mazzola skåra eitt av måla. Han deltok i tre VM-sluttspel og var tapande finalist i 1970. I ein del landskampar delte han og Gianni Rivera på å vere playmaker for Italia, då trenarane ikkje var nøgd med spelet når begge var på bana. Mazzola var med på det italienske landslaget som vart europameistrar på heimebane i 1968. Han spela sin 70. og siste landskamp då Italia etter dei innleiande rundane rauk ut av VM 1974 med 1-2-tap mot Polen. Han skåra 22 landslagsmål, det siste allereie hausten 1970.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • VM-sølv 1970 for Italia
  • Vinnar av Europacupen: 1964 og 1965 med Inter
  • Italiensk seriemeister: 1963, 1965, 1966 og 1971 med Inter

Kjelder[endre | endre wikiteksten]