Sandsøya i Sande

Koordinatar: 62°15′15″N 05°26′45″E / 62.25417°N 5.44583°E / 62.25417; 5.44583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandsøya
Geografi
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°15′15″N 05°26′45″E / 62.25417°N 5.44583°E / 62.25417; 5.44583

Høgaste punkt Rinden (369 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Sandsøya er ei øy i Sande kommune i Møre og Romsdal. Den største busetnaden på øya er Sandshamn. Like aust for Sandsøya ligg Gurskøy og i sør ligg Kvamsøy. På øya går Fylkesveg 5860 mellom Skare og Helland, med ei sidegrein til ferjekaia på Voksa.[1]

Sandsøya var tidligare delt i to krinsar, Nøre Sandsøy og Søre Sandsøy, som berre er skilde av eit smalt sund. Bru over sundet vart opna i 1939.

Det høgaste punktet på øya er Rinden på 369 meter over havet. Ein finn og fjellformasjonen Dollsteinen med helleren Dollsteinhola, som er omlag 185 meter lang.[2]

På Sandsøya har det vorte satsa på reiseliv, og ein finn rundt 250 gjestesenger på øya. Det er ein matvarebutikk, som ligg i Sandshamn.

På øya står Sande kyrkje frå 1880. Der har vore kyrkje på Sandsøy sida midten av mellomalderen.[3] Det finst spor av menneskeleg aktivitet på øya frå langt tilbake i tid, mellom anna er det funne ardfòrer som vitnar om åkerbruk i bronsealderen.[4]

Innbyggjartalet er 181 per 01.01.2022.[5] Voksa har 26 innbyggjarar (2022).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Søk i Norgeskart». Henta 28. november 2023. 
  2. Frode Sætre: «Frå tare til topp» (2012)
  3. Isak Våge: Sandsøya og Sande kyrkje
  4. Solberg, B. (1984). «Heile Sunnmøre vert busett». I Indrelid, S. & Larsen Ugelvik, S. Sunnmøres forhistorie. Sunnmørspostens forlag. s. 92. ISBN 8299093732. 
  5. «Mitt SSB: Statistikkbanken». www.ssb.no (på norsk). Henta 24. februar 2022.