Sandsetfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandsetfjorden, med Dyrøya til venstre og Børøya til høgre

Sandsetfjorden er ein fjord på nordsida av Langøya i Øksnes kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg to kilometer sørover til Sauøya. Nord for Sandsetfjorden ligg Hamnfjorden.

Fjorden har innløp mellom Hamneset i vest og Flatholmen i aust. På vestsida ligg Sandsetbukta og grenda Sandset, som fjorden er kalla opp etter. På andre sida av fjorden ligg grenda Sigerland litt lenger sør. Skjerfjorden er ein fjordarm sør for Sandset som går søraustover til Skjerfjordeidet. Fjorden endar ved Sauøya og frå her held fjorden fram som Ånnfjorden.