Sandsfjorden i Rogaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandsfjorden med Sand i forgrunnen

Sandsfjorden er ein fjordarm av Nedstrandfjorden og Boknafjorden i Suldal kommune i Rogaland. Fjorden deler seg etter kvart i Hylsfjorden og Saudafjorden og inn til botn av Hylsfjorden er lengda 47 km. Inn til Sauda i botn av Saudafjorden er det 43 km. Fram til fjorden deler seg er han om lag 25 km lang.

Fjorden har innløp like nordaust for Foldøy mellom Vardnes ved Hebnes og Jelsa på andre sida. Eit stykke nordover ligg det fleire holmar midt i fjorden og fleire smale sund går mellom desse. Den austlegaste holmen er Berakvamsskorpa og mellom denne og fastlandet går Straumbergsundet. Midtsund ligg mellom Berakvamsskorpa og Kjølvikskorpa lenger vest. Vest for Kjølvikskorpa igjen ligg Bjørnavågen og Sjøbuholsvågen, begge med ei lengd på 500-700 meter. Nord for Kjølviksskorpa går Vatlandsvågen og Stokkvåg 2,5 km innover landet og er nesten som ein liten fjordarm å rekne. Lengst nord i vågen ligg Reppsbygda, og frå her går Stokkavåg sørvestover.

Nord for desse holmane snur Sandsfjorden rett austover og møter så Ottøyna på sørsida. Rett nord for Ottøyna ligg bygda Marvik. Aust for Ottøyna snur Sandsfjorden 90 grader nordover igjen, og her er Sandsfjordbrua mellom Jårvik og Åsarøy samt tilførselsvegar på begge sider under bygging per 2012. Like etter snur fjorden seg 90 grader austover og så nordaustover langs Løvanes. Ved Løvanestangen ytst på Løvanes går Lovrafjorden sørover på austsida av neset. Lovrafjorden er smal og går 4,5 km sørover til Lovraeidet.

Eit stykke nord for Løvanes ligg Sand, kommunesenteret i Suldal, på austsida av fjorden. Her går det ferje over til Ropeid på vestsida. Ropeid er eit eid som berre er om lag 250 på det smalaste. På andre sida av eidet ligg botn av Vindafjorden

Rett nord for Sand deler Sandsfjorden seg i Hylsfjorden og Saudafjorden. Hylsfjorden 18-19 km austover til Hylen og Hylsdalen, medan Saudafjorden går 16 km nordaustover til Sauda.