Sandvika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For tettstaden Sandvika i Trøndelag, sjå Sandvika i Lierne.
For Sandviken, eit strok i Bergenhus bydel i Bergen, sjå Bergen.
Den gamle og freda Løkke bru over Sandvikselva i Sandvika er ein sjeldsynt brutype av støypejarn med tredekkje. Bruspennet vart støypt i 1829 på jarnstøyperiet på Bærums Verk i Bærum. Fram til på 1970-talet var brua nytta som køyrebru på den dåverande Ringeriksvegen frå Sandvika til Hønefoss, men vart då erstatta av ei ny køyrebru og flytta for å nyttast som gangbru i nærleiken av den opphavlege brustaden. Brua er med på nokre målarstykke frå 1895 av den vidgjetne franske impresjonistiske målaren Claude Monet, som vitja Sandvika på denne tida. Eit av målarstykka er no i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design (Nationalgalleriet) i Oslo.
Løkke bru og Sandvika, slik Claude Monet skildra det i eit av sine målarstykke under vitjinga i 1895.

Sandvika er ein tettstad sørvest i Bærum kommune i Akershus, der Sandvikselva renn ut i Oslofjorden. Bærum kommune gav tettstaden status som by 4. juni 2003, men kommunen reknar seg elles framleis som ei bygd. Ettersom byen Sandvika ikkje er klårt geografisk avgrensa frå resten av kommunen, er det vanskeleg å fastsetja eit tal på byens flatevidd og innbyggjarar.

Sandvika sett frå Høvikodden. Huset med tårnet midt i biletet er rådhuset i Bærum, og den langstrekte konstruksjonen framfor rådhuset er ei bru for europaveg E 18.

Den vesle byen er administrasjonsstad for Bærum kommune. Her ligg dessutan fleire statlege institusjonar som er sams for de to grannekommunane Asker og Bærum, som til dømes hovudkontoret for Asker og Bærum politidistrikt, Asker og Bærum tingrett, Sykehuset Asker og Bærum, likningskontor osb.

Sandvika har frå om lag slutten av 1980-talet gått gjennom store endringar når det gjeld infrastruktur, talet på busette og type av arbeidsplassar. Det er bygd bustadblokker i tette klyngar, med tilhøyrande sterk vekst i folketalet. Dei store og små industriverksemdene som prega tettstaden tidlegare, mellom anna ein radiofabrikk (Radionette), ein papirfabrikk (A/S Hamang Papirfabrik), ein linoleumsfabrikk og ein fabrikk for elektrisk installasjonsutstyr, er anten nedlagde eller flytta vekk, medan tenesteytande næringar, kontor av ymse slag og ei mengd butikkar har teke over, slik at det totale talet på arbeidsplassar har auka monaleg. Sandvika har vorte ei handelssentrum for eit stort distrikt, med Sandvika Storsenter som det største kjøpesenteret under eitt tak. Tidlegare låg Handelshøyskolen BI i Sandvika, men flytta i 2005 til Nydalen i Oslo.

Sandvika har eit kulturhus frå 2003, Bærum Kulturhus, på 4200 rutemeter med ein sal med 500 sitjeplassar, teikna av arkitektkontoret Snøhetta. Kulturhuset vert for det meste nytta til konsertar og danseframsyningar. Byen har òg ein stor privatdriven kino med åtte salar, og eit barneteater for og med barn og unge, Sandvika teater (med lokale i den tidlegare Sandvika kino). På Kalvøya, ei øy i Oslofjorden med samband til Sandvika over ei hundre meter lang hengebru, vart den årlege musikkfestivalen Kalvøyafestivalen skipa til i perioden frå 1971 til 1997; i 1999 vart festivalen teke opp att under namnet Øyafestivalen i Mellomalderparken aust for Bjørvika i Oslo.

Gjennom Sandvika går europaveg E18 på strekninga mellom Oslo og Drammen, og her var òg det gamle startpunktet for europaveg E16 av mot Hønefoss og Vestlandet. I 2012 vart vegen forlenga frå Hønefoss til Gävle i Sverige, og dagens veg mellom Sandvika og Hønefoss er ein arm av nye E16 mellom Londonderry i Nord-Irland og Gävle.

Sandvika jarnvegsstasjonDrammenbanen og Askerbanen, 14,14 kilometer frå Oslo Sentralstasjon, er mellom dei største i landet når det gjeld talet på ferdafolk, og er knytt saman med ein busstasjon. Jarnvegsstasjonen, som ligg i ei høgd av 12,0 meter over havet, vart opna i 1872, då Drammenbanen stod ferdig, og har seinare vorte så sterkt ombygd, seinast i samband med bygginga av Askerbanen, at det ikkje er mykje att av det gamle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]