Sandvolleyball
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandvolleyball er ein sport som har utvikla seg frå og som likner på innendørs volleyball. Allereie i 20-åra kunne ein observere folk som spelte volleyball på strendene i California og på Hawaii. Den første offisielle turneringen vart spelt på State Beach i California i 1947 og dei som vann fekk ein kasse Pepsi Cola. Me veit óg at det vart spela volleyball på sand i Europa allereie i trettiåra.
Dei viktigaste regelskilnadane er at i sandvolleyball er det berre to spelerar på banen, at spelet som namnet seier går føre seg på sand, at banen er 8 ganger 8 meter istadenfor 9 ganger 9, i tillegg til ein del meir spesifikke reglar om ballhåndtering og slag. Idretten har vore ein olympisk grein sidan 1996.
[endre] Linkar ut
Strandvolleyball
Offisielle regler - fra Fédération Internationale de Volleyball (FIVB, det internasjonale volleyballforbundet).
Profesjonell strandvolleyball
FIVB GrandSlam turnering i Stavanger
FIVB Otera Open i Kristiansand
Norges førstelag (kvinner)