Sangachalterminalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 40°12′5″ N 49°28′53″ E Sangachalterminalen er eit industrikompleks som består av eit naturgasshandsamingsanlegg og eit oljeraffineri, ved kysten av Kaspihavet, 45 km sør for Baku i Aserbadsjan.

Bygginga av terminalen starta i 1996 då Chirag-feltet vart utbygd, med røyrleidningar til Supsa og Novorossijsk. Den første olje vart eksportert frå terminalen i oktober 1997. Terminalen har sidan vorte utvida med ACG fase 2 og 3, pumpestasjonen BTC og Shah Deniz-feltet, som er eit enormt naturgassfelt.

Utanom sjølve anlegget er det bygd bustadhus for 550 menneske, kafear, kino, fotballbane m.m.

Operatør for terminalen er eit konsortium leia av BP og er eit av dei største olje- og gassanlegga i verda.[1] Andre partnarar er frå AIOC, Baku-Tbilisi-Ceyhan-røyrleidninga, Shah Deniz og Sør-Kaukasus-røyrleidninga. Terminalen mottar olje frå Azeri-Chirag-Guneshli-feltet og naturgass frå Shah Deniz-feltet. Olja vert eksportert via Baku-Tbilisi-Ceyhan-røyrleidninga til Middelhavskysten til Tyrkia og via Baku-Supsa-røyrleidninga og Baku-Novorossijsk-røyrleidninga til kysten av Svartehavet.[2] Sangachalterminalen vart nemnd i dokumenta offentleggjort av Wikileaks som eit av dei mest kritiske utanlandske områda til USA.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ivan Watson (2006-04-18). «With New Pipeline, Azerbaijan on Verge of Oil Boom». NPR. 
  2. U.S. Energy Information Administration. Azerbaijan. Natural Gas
  3. Cable Viewer

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]