Sankranti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mann og ku pynta til sankranti.
Foto: Kalyan Kumar

Sankranti, sankranthi eller makara sankranth er ei indisk høgtid som markerer byrjinga av innhaustinga for bønder i Andhra Pradesh, Karnataka og Maharashtra. Høgtida blir feira i midten av januar, den dagen sola går inn i Steinbukken og dermed går mot nord, noko som viser til sommaren sitt kome. Som regel skjer dette den 14. januar.

Denne dagen tek ein på seg nye klede og vitjar tempel for å feira hausten.

I Andhra Pradesh feirar ein høgtida over tre dagar. Dagen før sjølve makara sankranthi kallar ein der bhogi, og samlar då saman gamle, unyttige ting i huset og kastar dei på eit bål. Den tredje dagen av høgtida heiter kanuma.

Liknande høgtider blir feira som lohri av panjabiar og som pongal av tamilar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sankranti