Sankt Demetriuskatedralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sankt Demetriuskatedralen.
Interiør.
Grunnplanen. Midtpartiet med den sentrale kuppelen kviler på fire pilarar.

Sankt Demetriuskatedralen (russisk Дмитриевский собор) i byen Vladimir om lag 200 kilometer aust for Moskva i Russland vart bygd i 1191 og vigsla til Den heilage Demetrius frå Thessaloniki. Byggherre var Vsevolod III, òg kalla Vsevolod det store reiret (1154–1212), storfyrste av Vladimir frå 1177. Opphavleg var det kring katedralen eit tårnpryda galleri som knytte saman katedralen og fyrstepalasset, men dette vart rive ned under ei restaurering av katedralen på 1800-talet. Innvendig finst det nokre fragment av freskomåleri frå 1100-talet, særleg av ei dommedagframstilling.

Ytterveggane på katedralen er dekte av ei mengd relieff som for det meste framleis er originale, men somme er rekonstruksjonar frå restaureringa på 1800-talet. Interessant frå ein nordisk synsstad er at her finst scener som syner episodar frå sagaen om Sigurd Fåvnesbane, òg kjend frå norske stavkyrkjeportalar; elles kan mellom anna sjåast scener frå livet til Aleksander den store, scener som refererer seg til storverka til den greske segnhelten Herakles, skildringar frå Det gamle testamentet i Bibelen, særleg om livet til kong David og meire[1].

Katedralen står på UNESCOs verdsarvliste.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Side 40 i Russland er sitt eget sted av Peter Normann Waage, Oslo 2012: Arneberg forlag ISBN 978-8220-064-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sankt Demetriuskatedralen