Sankt Laurentius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For namnet Laurentius og namn avleia av dette, sjå Laurentius.
Sankt Laurentius

Sankt Laurensius. Kalkmåleri i Överselö kyrkje, Södermanland, Sverige, frå om lag 1500.
Fødd31. desember 225
FødestadOsca
Daud10. august 258
DødsstadRoma
Yrkediakon
Helgendag10. august

Sankt Laurentius (Laurentius frå Roma) er ein helgen som leid martyrdøden 10. august 258 i Roma under keisar Valerian I. I Noreg er Sankt Laurentius òg kjend som Sankt Lavrans eller Sankt Lars, i Sverige som Sankt Lars, i Frankrike som Saint Laurent, i England som Saint Lawrence. Han vert feira 10. august. I Noreg vart dagen kalla larsok, som var avmerkt på primstaven.

Laurentius var diakon og forvaltar av kyrkjelege pengar og verdesaker i Roma under pave Sixtus II, som sjølv vart avretta 6. august 258 under keisar Valerian I's forfølgingar av kristne. Ei viktig oppgåve for Laurentius var utdeling av midlar til dei fattige. Før Sixtus II vart avretta, gav han ifylgje legendene Laurentius rett til å disponere verdiane i kyrkja til føremon for dei fattige. Dessutan skulle Laurentius take vare på den heilage kalken som Jesus hadde nytta under det siste måltidet med læresveinane sine, som var av dei dyrgripane kyrkja hadde i sitt eige. Laurentius sendte den heilage kalken til foreldra sine i Huesca, og denne kalken er i dag å sjå i Catedral de Santa María de Valencia i Valencia i Spania. Alt anna av pengar og heilage gjenstandar delte Laurentius ut til dei fattige i samsvar med avtale han hadde gjort med pave Sixtus II, som òg vart ein av den katolske kyrkjas helgenar.

Sankt Laurentius' martyrium. Veggmåleri i Sundre kyrkje på Gotland i Sverige.

Prefekten i Roma var kjend med at kyrkja hadde store verdiar i pengar og gjenstandar, og kommanderte Laurentius til å levere dette inn for at midlane skulle nyttast til offentlege føremål. Men då Laurentius ikkje føya han, fekk han Laurentius piska og pint, og til sist teke langsamt av dage ved å steikast på ei jarnrist over glødande kol. Difor er det ei jarnrist som er kjenneteiken for Sankt Laurentius, hans helgenattributt.

Kyrkja Basilica di San Lorenzo fuori le mura i Roma skal ha vore reist på staden der Laurentius vart drepen, og hyser som relikvie ei steinhelle som dei jordiske restane av han vart lagt på. Rista som han vart steikt på, finnast som relikvie i eit sidekapell i kyrkja San Lorenzo in Lucina i Roma.

Etter legenda skal altså Laurentius opphavleg ha vore spansk og kome frå Osca, det noverande Huesca i Spania. Men då namnet Laurentius tyder 'mannen frå Laurentum', er det ikkje utenkjeleg at han eigentleg kom frå Laurentum, som låg i nærleiken av Roma. Det er soleis mogleg at legendene ikkje er historisk korrekte med omsyn til opphavet hans. I alle høve har legendene gjeve grunnlag for at Sankt Laurentius vart ein vernehelgen for Spania, og at Catedral de Santa María de Valencia har ein viktig, heilag gjenstand å syne fram.

Sankt Laurentius er elles vernehelgen for bibliotekarar, arkivarar, studentar, fattige, brannskada og mange fleire, mellom andre dei med yrke som har med eld å gjere, til dømes bryggarar, vaskekoner og kokkar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]